Else Tystad vart filmstjerne nærast over natta. Ho stilte opp for Hjelpemiddelpartner og let seg filme då ho demonstrerte bruken av eit hjelpemiddel som gjer det enkelt å ta på seg kompresjonsstrømper. I løpet av førre helg hadde facebookinnlegget fått over 200.000 visningar.

Else vart filmkjendis på sine eldre dagar

- Det har teke heilt av på sosiale medium. I løpet av helga vart filmsnutten vist over 200.000 gonger, fortel Marianne Berntzen Sivertsen i Hjelpemiddelpartner. I hovudrolla er Else Tystad som spontant stilte opp for ei god sak.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje alle filmopptak krev lang planlegging og mange involverte. 

Det vart demonstrert av bedrifta Hjelpemiddelpartner på Sandane for ei vekes tid sidan.

Stakk innom

I hovudrolla finn vi Else Tystad. Ho har sjukdomen polyartrose. Ho fekk operert ny hofte i 2023 og nytt kne i fjor, og slit med vonde fingrar og ledd. 

Når ho treng eit eller anna hjelpemiddel for å gjere kvardagen enklare, har det hendt at ho har besøkt Hjelpemiddelpartner (HMP) på Sandane for å få hjelp i staden for å bruke nettbutikken. 

Slik har det gått til at ho har prøvd nokre hjelpemiddel og gjeve HMP klare tilbakemeldingar om nytte og kvalitet. 

- Ikkje alle hjelpemiddel er nyttige for alle. Det gjeld å finne det som passar kvar enkelt. Det er målet vårt, fortel produktsjef og sjukepleiar Ingeborg Ødven. 

Støttestrømper

Dei set pris på at Else stiller opp, men peikar på at dei generelt ikkje har kapasitet og ressursar til å ta imot besøk og rettleie folk.

Sist Else var innom, tipsa Ingeborg om eit nytt hjelpemiddel ho meinte Else kunne ha nytte av, ein elektrisk strømpepåtrekkar. 

- Eg er sjukepleiar i botnen. Ofte får vi spørsmål om det finst hjelpemiddel som gjer det enklare å tre på seg strømper, særleg støttestrømper eller kompresjonsstrømper, fortel ho. 

Dette er spesielle strømper som gjev eit jamt trykk rundt beina for å hjelpe blodet med å sirkulere betre. Det reduserer hevelse, førebyggjer blodpropp og lindrar åreknutar.

Etter ein kort introduksjon var Else Tystad klar til å prøve.

Eit stort problem

Både brukarar sjølve, men i stor grad også tilsette i helseinstitusjonar, heimesjukepleie og pårørande brukar mykje tid og krefter på kompresjonsstrømper.

- Då vi såg dette hjelpemiddelet, tenkte vi at her er noko mange vil ha nytte av, fortel Ingeborg. 

Og Else fekk tilbod om å sjå og prøve.

- Å ta på strømper er ei stor utfordring for mange, også for meg, fortel ho. 

Etter eit sjukehusbesøk fekk ho tips om eit hjelpemiddel ho kunne kjøpe på sjukehusapoteket. Men det fungerte dårleg og vart pakka ned.

Sjølv om Else eigentleg stakk innom for noko heilt anna, takka ho ja til å prøve hjelpemiddelet Ingeborg føreslo. Samtidig gjorde Marianne Bentzen Sivertsen klar mobilkameraet, og Else let seg filme etter ein fem minutt lang introduksjon.

Kort tid etter vart filmen lagt ut på Facebook.

Dette er eit hjepemidde mange med artrose vil ha nytte av, meiner Else Tystad.

Kjemperespons

Responsen let ikkje vente på seg. I løpet av helga var filmsnutten på knapt eitt minutt vist over 136.000 gongar på Facebook og 87.500 gonger på Instagram. 

- Videoen vart også delt over 135 gonger på kort tid og lagra over 400 gonger for å bli vist til andre. Vi har aldri tidlegare opplevd liknande respons på noko produkt, fortel  Marianne og Ingeborg.

- Else er blitt influensar og filmstjerne på sine eldre dagar, smiler dei. 

Akkurat det er ikkje noko mål for henne, men for ei god sak stiller ho gjerne opp som produktutprøvar.

- Eg meiner alle som har vonde ledd og brukar støttestrømper, må få kjennskap til dette hjelpemiddelet. Det vil gjere kvardagen enklare for brukarane, men det gjeld også tilsette i institusjonar, heimesjukepleie og pårørande, seier Else Tystad. 

Powered by Labrador CMS