Abonnementsvilkår
Det er Firda Tidend ved selskapet Avisdrift Gloppen AS, No 985 255 660 MVA, Postboks 38, 6821 Sandane, som er juridisk seljar av abonnementsproduktet du no kjøper.
Avisdrift Gloppen AS er ansvarleg for dei kredittkorttransaksjonar som blir gjorde gjennom denne nettsida. Alle abonnementskjøp av Firda Tidend medfører at du som kunde må betale på forskot.
Som abonnent på Firda Tidend har du tilgang til alt innhald i e-avisa og nettavisa www.firdatidend.no. Papiravisa vert levert to dagar i veka.
E-avisa er 100 prosent identisk med papiravisa. Nettavisa på www.firdatidend.no vert hyppig oppdatert; fleire gonger om dagen.
Aldersgrensa for å bestille abonnement er 18 år.
Du vil ikkje ha tilgang til abonnementet før du har betalt. Du har sjølvsagt høve til å angre på kjøpet. Etter angrefristlova kan abonnenten gå frå avtalen utan å oppgje grunn innan 14 dagar etter første leveranse.
Du kan ikkje kansellere eit abonnementskjøp i nettbutikken etter at du har betalt. I slike tilfelle må du ta kontakt med vår abonnementsavdeling. Dersom du ønskjer å avslutte eller kansellere eit igangsett abonnement, må du gjere det ved å ta kontakt med Firda Tidend via e-post til abo@firdatidend.no eller ved å ta kontakt med abonnementsavdelinga vår på tlf.nr. 57 86 87 81. Alle kundedata blir lagra i Firda Tidend sin abonnementsdatabase med gode tryggleiksrutinar, der krav til personvern blir ivaretatt etter norsk lov. Kundedata blir ikkje seld til eller delt med andre. Den juridiske eigaren av abonnementet er den personen som har teikna det.
Brukar-ID og passord til Firda Tidend sine digitale produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse. Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på annan måte misbrukar Firda Tidend sine tenester, har avisa høve til straks å stenge abonnenten sin tilgang til desse tenestene.
Abonnenten vil då miste tilgangsretten til dei produkta og tenestene ein eventuelt har kjøpt tidligare.
Logging
Ved innlogging på dei digitale produkta Firda Tidend leverer blir det lagra informasjon om kven som loggar inn og kvar ein loggar inn frå. Firda Tidend nyttar informasjonen for å avdekke eventuelle misbruk av abonnement. Desse dataene blir lagra av Firda Tidend i ei avgrensa tid.
Betaling av abonnement
Abonnementet ditt blir fornya automatisk, med den perioden som vart opplyst i kjøpsaugneblinken. Abonnementet kan når som helst seiast opp med verknad frå neste abonnementsperiode, men seinast innan 3 dagar før ny abonnementsperiode startar. Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men blir ikkje fornya. Eventuelt attståande beløp blir ikkje refundert. Ei oppseiing må rettast til vårt kundesenter på e-post eller telefon, eller gjennomførast på Mi side, under «Sei opp abonnement». Manglande betaling blir ikkje rekna som oppseiing. Ved manglande betaling blir avisleveringa og den digitale tilgangen stoppa, og vi fakturerer restrekning for levert periode. Du kan velje å stoppe papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller ditt digitale abonnement. Lov om angrerett gjeld.
Firda Tidend tek atterhald om når som helst å kunne endre prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane blir kunngjorde i avisa seinast 14 dagar før iverksetjing. Ved prisendring vil den nye prisen bli gjort gjeldande frå tidspunktet for neste betalingsperiode.
Alle prisar gjeld for levering i Noreg, utanfor Noreg gjeld særskilte vilkår for levering av papiravis.
Abonnementsprisar 2026:
Komplettabonnement
12 mnd kr 3690,-
6 mnd kr 2034,-
3 mnd kr 1017,-
1 mnd kr 339,-
Digitale abonnement
12 mnd kr 2868,-
6 mnd kr 1434,-
3 mnd kr 717,-
1 mnd kr 239,-
UNG abonnement
12 mnd kr 1668,-
6 mnd kr 834,-
3 mnd kr 417,-
1 mnd kr 139,-
Betaling
Du kan kjøpe abonnement på firdatidend.no ved å bruke VIPPS, bankkort/kredittkort, eller ved bankgiro (avtalegiro og E-faktura)
Kontonummer: 3710.15.63996.
Korleis kan du elles administrere abonnementet ditt?
På Firda Tidend si nettside kan du logge deg inn på Mi side.
Her kan du omadressere avisa og endre eller stoppe abonnementet ditt.
For å kunne bruke denne tenesta, må du logge deg inn med brukarnamn og passord.
Du kan òg ta kontakt med kundesenteret vårt på tlf. 57 86 87 81.
Levering av papiravisa
Papirutgåva av Firda Tidend blir levert i postkassa/postboksen din to gongar i veka av Posten Norge. Postkassa må vere godt synleg og merka med abonnenten sitt namn. Som abonnent har du ansvar for at tilgangen er så god som mogleg. Posten Norge sine leveringsvilkår gjeld. Abonnentar vil kunne oppleve at avisa blir forseinka. Det er Posten sine fristar, transport- og distribusjonrutiner som vanlegvis er årsak til dette.
Flytting av avisa til ferieadresse
Du kan omadressere avisa til ferieadressa di. Det er viktig å vere merksam på at dette skjer på eige ansvar. Det er viktig å melde frå dersom avisa uteblir. Om abonnenten omadresserer avisa i ferieperioden, kan det kome til ekstra kostnader med utsendinga.
Uteblitt avis
Ved uteblitt eller vesentleg forseinka avis, vil Firda Tidend uansett årsak ettersende avisa. Korte stopp gjev ikkje frådrag i abonnementsprisen.
Har abonnent tilgang til e-avis, blir uteblitt papiravis ikkje erstatta ved eventuelle leveringsproblem.
Dersom avisa uteblir eller er vesentleg forseinka av andre årsaker enn leveringshindringar som ligg utanfor Firda Tidend sin kontroll, og abonnenten har kjøpt dagens avis hjå laussalsforhandlar, kan abonnenten krevje at prisforskjellen mellom laussalspris og abonnementspris blir refundert.
Rettar
Som abonnent av Firda Tidend har du tilgang til alt materiale, her under tekstar, artiklar, nyhende, fotografi og video, grafikk og anna som er publisert av Firda Tidend. Du kan laste ned og/eller skrive ut ein enkel kopi av materialet berre til ditt eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbruk er ikkje tillatt.
Den juridiske eigaren av abonnementet er den personen som har teikna det. Brukar-ID og passord til Firda Tidend sine digitale produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse.
Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på annan måte misbruker Firda Tidend sine tenester, har avisa høve til straks å stenge abonnenten sin tilgang til desse tenestene. Abonnenten vil då miste tilgangsretten til dei produkt og tenester ein eventuelt har kjøpt tidlegare.
Behandling av personopplysningar
Firda Tidend lagrar og brukar opplysingar om namn, fødselsdato, e-postadresse, gateadresse og telefonnummer, og opplysingar om eventuell annan rekningsbetalar. I tillegg blir informasjon om bruk av tenestene lagra, medrekna kva tenester du tingar, kva nettsider som vert besøkte, informasjon om geografisk posisjon og teknisk informasjon om di eining og internett-tilkopling. Firda Tidend kan velje å samanlikne trafikkdata som er tilgjengelege ved hjelp av cookies med informasjon frå brukarprofilen. Dette gjer vi for å tilpasse innhald til ditt brukarmønster og gje deg ei best mogleg brukaroppleving. Les meir her om korleis vi brukar opplysningane dine, og korleis du kan administrere eller slette informasjon om deg sjølv.
Ved å godkjenne desse vilkåra, samtykkjer du også til personvernerklæringa vår.
Samtykke til marknadsføring
Når du er registrert som brukar hos Firda Tidend, og når du brukar abonnementstenestene våre, ser vi på deg som ein kunde med eit aktivt kundeforhold. I eit aktivt kundeforhold vil vi kunne ringje deg, sende deg e-post, SMS og informasjon i appen vår og på nettsida vår, i tillegg til tilbod og annan relevant informasjon basert på opplysingar vi har om deg som kunde. Informasjonen vil vere relevant i forhold til produkta og tenestene våre, og berre vere på eigne vegner.
Marknadsføringa kan innehalde tilbod og informasjon om produkta våre, som til dømes abonnement, nyhendebrev eller tips om korleis ein kan få mest mogleg ut av kundeforholdet.
Endring av vilkår
Abonnementsvilkåra kan bli endra, og dei gjeldande vilkåra er til ein kvar tid oppdaterte på www.firdatidend.no.
Sandane, 10.12.2025