Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng besøkte Statens pensjonskasse i dag, der administrerande direktør Tomas Berg presenterte nye tal som viser at pensjonsreforma verkar.

Folk står lenger i jobb

Nye tal frå Statens pensjonskasse viser at fleire 62-åringar vel å jobbe lenger.

Publisert Sist oppdatert

– Når fleire vel å stå lenger i arbeid betyr det høgare inntekt for kvar enkelt, og meir arbeidskraft for samfunnet. Det er bra for alle, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng i ei pressemelding.

Det første kullet etter ny pensjonsreform i offentleg sektor held i stor grad fram med å jobbe og ventar med å ta ut pensjon.

SPK har samanlikna to omtrent like store årskull: 1962-kullet, som følgjer gammalt regelverk, og 1963-kullet, som er det første som blir omfatta av ny offentleg tenestepensjon.

Samanlikninga viser at 6 prosent fleire i 1963-kullet held fram med å jobbe ved 62 år. Auken er noko større i kommunal sektor, med 7 prosent, mot 5 prosent i staten.

Tala gir eit tidleg bilete av korleis det nye regelverket påverkar faktiske val i overgangen mellom arbeid og pensjon. (©NPK)

Powered by Labrador CMS