Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan smile over den nye målinga som er gjort for Altinget og ABC Nyheter. Den viser at han igjen leier det største partiet i landet.

Måling: Arbeidarpartiet er igjen Noregs største parti

Arbeidarpartiet (Ap) får 26,2 prosent i ei ny meiningsmåling for Altinget og ABC Nyheter. Dermed er partiet igjen det største partiet i landet.

Publisert

Aps går fram 4 prosentpoeng og får 26,2 prosent på den nye målinga som er gjort av Opinion for Altinget og ABC Nyheter. Det er framleis lågare enn valresultatet på 28 prosent i fjor haust, men nok til å vere største parti igjen.

Trass i framgangen, er det borgarleg fleirtal på målinga. Ap, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG får til saman 82 mandat på målinga. Det trengst 85 mandat for å ha fleirtal på Stortinget. Dei borgarlege partia får 87 sete på Stortinget.

I målinga går Frp tilbake 3 prosentpoeng, og landar på 23,7 prosent – som er nesten identisk med valresultatet. SV er berre så vidt over sperregrensa med 4,1 prosent, som er tilbake 1 prosentpoeng. For dei andre partia er det berre mindre endringar.

Målinga i sin heilskap ser slik ut: Raudt 7,1 (+0,2), SV 4,1 (-1), Ap 26,2 (+4), Sp 5,9 (-0,1), MDG 3,1 (-0,6), Venstre 4,4 (-0,3), KrF 3,6 (-0,4), Høgre 17,3 (-0,5), Frp 23,7 (-3), Andre 4,5 (+1,6).

(©NPK)

Powered by Labrador CMS