44 prosent av befolkninga meiner kronprinsesse Mette-Marit ikkje er eigna til å bli dronning, ifølgje to ulike målingar.

Nye meiningsmålingar: Nær halvparten meiner Mette-Marit er ueigna til å bli dronning

Støtta til monarkiet fell, men fleirtalet er framleis sterkt. Samtidig meiner nær halvparten av befolkninga at Mette-Marit er ueigna til å bli dronning.

Publisert

Norstat har gjennomført ei måling på bestilling av Dagbladet og NRK.

I denne målinga svarer to av tre (66 prosent) at dei støttar monarki som styreform i Noreg. Det er ein liten nedgang frå same måling i august, der 73 prosent svarte det same.

44 prosent svarer at dei meiner at kronprinsesse Mette-Marit er ueigna til å bli dronning i kjølvatnet av dei nye opplysningane om kontakten med Jeffrey Epstein. 22 prosent meiner ho er eigna, medan dei resterande 35 prosentane er usikre.

76 prosent svarer at dei har fått svekt tillit til kronprinsessa som følgje av avsløringane.

Tysdag kom også VG med ei ny måling, som er gjennomført av InFact. Der svarer 60,9 prosent at dei støttar monarkiet, eit fall frå 72 prosent i fjor.

Også her svarer 44 prosent at dei meiner kronprinsessa er ueigna i rolla som dronning. 32,5 prosent meiner ho er eigna, medan 22 prosent er usikre.

Begge målingane vart gjennomførte måndag denne veka, og like i overkant av 1000 personar deltok i dei to undersøkingane.

Måndag publiserte TV 2 ei tilsvarande undersøking, som var haste-gjennomført av analyseselskapet Verian. Der svarte 47,6 prosent nei på spørsmål om Mette-Marit bør bli dronning. Berre 28,9 prosent svarte ja, medan 23,5 prosent ikkje var sikre. (©NPK)

Powered by Labrador CMS