Om firda tidend

Historia om Firda Tidend på 1-2-3

«Ingen hev liksom fred fyrr han hev lesi kva som stend i bygdeblad.»

Det slo redaktør Johan Lid fast i leiaren i den aller første utgåva av Firda Tidend 1. juli 1924. Det kan stå som eit mantra for dei over 10.000 unike avisutgåvene som har kome i over hundre år etter det.

Firda Tidend vart ikkje starta som ei typisk lokalavis, men som eit kamporgan for bygdene, bøndene og målsaka. Difor var nedslagsfeltet heile Nordfjord, store delar av Sunnfjord og litt i Sogn også. Ein var knytt til det nystarta Bondepartiet og skulle vere ei motvekt mot andre partiaviser, som alle lokalavisene var den gongen.

På Sandane var det ei avis frå før, Nordfjord (1896–1942), som var knytt til Høgre. Heilt fram til 2. verdskrig var det altså to aviser her, noko som fortel at dette var fylkessenteret innan både skule, handel og kommunikasjonar.

Like viktig som det politiske var å drive opplysning. I første utgåva var heile den store framsida fylt av ein leiar, ein fagartikkel om grønsakhagen og referat frå hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Hesten stod sterkt og på folkemunne fekk ein namnet Hesteavisa.

Frå start kom avisa ut kvar tysdag og fredag, som i dag, men i mange år fram til den digitale tidsalderen braut gjennom kom ein ut måndag, onsdag og fredag. Opplaget har lege på kring 3000.

FT har hatt kontor i Bukta og fleire stader på Sandane, no er alt samla i det vakre Skarsteinhuset i sentrum. I august 2023 opna avisa eige kontor på Skei.

I mange år var FT knytt til Søreide prenteverk, men i 1977 kunne ein ta i bruk eiga offsetpresse som ei av dei første avisene i fylket. Seinare vart det rotasjon, før det vart trykking i Førde og i dag på Voss. Stadig fleire vel no heildigitale abonnement.

I tillegg til avis har vi også ei grafisk avdeling som lagar flotte bøker og trykksaker.

I 2025 starta eit nytt kapittel for avisa då vi saman med åtte andre uavhengige aviser, Vest-Telemark Blad, Suldalsposten, Grenda, Os og Fusaposten, Hordaland Folkeblad, Bladet Tysnes, Ryfylke og Grannar gjekk i kompaniskap med mediekonsernet Mentor Medier.

I dag held Firda Tidend fram med å vere ei avis som står på eigne bein, med det same målet om å ikkje gje folk fred «fyrr ein hev lesi kva som stend i bygdeblad»!

Powered by Labrador CMS