– Ta vare på den livgjevande vevnaden!

Ope brev til medlemmane i opplæringsutvalet i Vestland.

Torsdag 18. april skal de i opplæringsutvalet i Vestland fylke ta stilling til om ein skal starte opp tilbod om VG1 dans og drama ved Firda vidaregåande skule frå hausten 2024. Vel å ta vare på dette tilbodet! På Firda har ein som einaste staden i Vestland liner for både musikk, dans og drama ved same skule. Dei utgjer ein heilskap – ein heilskap som er meir enn summen av kvar av dei aleine. Ta vare på den heilskapen og moglegheitene som ligg i den!

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Frårår å starte opp to tilbod ved Firda vgs. til hausten

Vestland fylkeskommune (VLFK) er ikkje gamal, men er godt i gang med å etablere seg og finne retninga. Vi har entusiastisk følgt med på og bidrege til arbeidet med Regional plan for kultur 2023-2035 som fylkestinget i Vestland vedtok 15. mars 2023. For oss som arbeider for eit godt kulturtilbod i heile dette kronglete fylket er det stort at unge VLFK har så tydeleg ambisjon om at Vestland skal vere eit kulturelt tyngdepunkt i Noreg. Gloppen Musikkfest samarbeider tett med lokale og regionale fagmiljø, og har i vel 20 år gitt folk som bur, arbeider og lever liva sine utanom dei store byane opplevingar på same kunstnarleg høge nivå som dei som bur i sentrale strok. Vi er einige med fylkeskommunen at dette er ein rett for dei som bur omkring i bygdene i Vestland og andre delar av landet, og at det er ei plikt for fylkeskommunen og andre offentlege instansar å gjere sitt til at det kan skje.

Les også
Firda-rektoren: – Vi mobiliserer

I Strategidokumentet for 2023-2026 som følgjer planen, finn ein desse delmåla:

1. Kulturelle kraftsenter skal utvikle regionale kvalitetar og ressursar. 2. Vestland skal ha eit profesjonelt kulturliv på høgt niva.̊ 3. Samarbeid mellom profesjonelle og frivillige aktørar, private og offentlege partar skal vere grunnlaget for satsing på topp og breidde. 4. Vestland skal ha ein berekraftig kulturell infrastruktur med eit mangfaldig tilbod for alle. 5. Ein offensiv kulturpolitikk på alle tre forvaltningsnivå skal støtte opp om initiativ og satsingar i kulturlivet.

Les også
– Å legge ned dette tilbodet vil vere eit tap. Ikkje berre for Firda, men for Gloppen, og fylket

Dette er så bra! Det gjev oss og andre kulturaktørar i heile fylket styrke og ryggrad til å tru på at det går an, saman er vi kvalitet, styrke og mangfald. Og vi er glade for at kulturpolitikk og distriktspolitikk får gå hand i hand på ein så framtidsretta og dynamisk måte.

Les også
– Høgre vil starte opp vg1 dans og drama

Men kva skjer med denne fireåringen med dei store ambisjonane? Eitt år etter at planen er vedteke, kjem forslaget frå ein annan del av fylkeskommunen om at ein ikkje startar opp VG1 dans og drama på Firda vidaregåande skule frå hausten 2024. Forslaget kjem frå administrasjonen i opplæringsavdelinga, og vi vil kalle det uansvarleg og ikkje i tråd med overordna planar i eigen organisasjon. Det kan synes som høgre handa ikkje veit kva venstre gjer – eller at hendene ikkje har følgt med på kva hovudet har sagt og bestemt. Slikt kan jo skje med fireåringar, men da må jo nokon inn og korrigere!

Les også
– Til barrikadane for kunstfaga!

I Noreg, i Vestland, i Nordfjord og i Gloppen er kulturlivet som alle andre stader i verda ein tett vev der profesjonelle og amatørar, frivillige lag og institusjonar, unge nybyrjarar og garva utøvarar, festivalar, frilansarar og ulike kunstuttrykk til saman skapar både renning og innslag i veven. Alle er ein del av at det finst kulturtilbod – at det stadig kjem nye skodespelarar, dansarar og musikarar, at kulturlivet fornyar seg og tek opp i seg samtida, at publikum held interessa oppe og vil sjå og høyre. Og som i så mange andre samanhengar – om du ikkje syter for godt grunnarbeid vert det heller ikkje eit godt resultat. I denne samanheng: Om du bryter kjeda frå ung, urøynd og entusiastisk drama-, musikk- eller danseelev i barneskule, kulturskule eller 4H til røynd skodespelar på Teater Vestland, musikar i Bergen Filharmoniske orkester eller andre institusjonar – så mister du kan hende ein av dei som skal føre teater-, musikk- og dansetilbodet i Noreg vidare. Det kan sjølvsagt hende eleven som går på musikk/dans/drama ikkje blir profesjonell utøvar, men heller ender som kompetent produsent og regissør i Teaterfestivalen i Fjaler, er kulturbyråkrat i Sunnfjord, som drivkraft bak ein festival på Batalden eller i Årdal, og vi treng dei og!

Les også
– Dans og drama kan no ikkje vere så viktig?

Vi veit at om ein byrjar plukke eit så tettveve miljø som kulturlivet er frå kvarandre – om ein tråd ryk – då står resten av vevnaden i fare for å bli holet og ubrukeleg.

OG – om ein vever på ein liten del av renningen – i denne samanheng berre i byen – blir veven for tynn og sårbar – og dermed ubrukeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Utan dans og drama er ikkje Firda meir enn ein skule

Vi vonar at det store engasjementet blant profesjonelle utøvarar, institusjonar, frivillige lag og organisasjonar, elevar – tidlegare og noverande, unge og eldre kan gjere at de politikarar i opplæringsutvalet tek ansvaret med å vere eit korrektiv i fireåringens liv. Vel å ta vare på dette tilbodet! Ta vare på det nettopp fordi det er så langt frå Bergen.

De har sjansen og vi ber om at de ikkje let den gleppe. Fireåringen fortener betre!

Hanne B Oftedal, styreleiar i Gloppen Musikkfest

Ola S Tennes, dagleg leiar i Gloppen Musikkfest

Les også
Kulturutøvarar støttar opp om dans og drama på Firda
Les også
Dette er heile Sogn og Fjordane sin skule!
Les også
– Likt tilbod for heile fylket
Les også
Kor og korps treng musikk, dans, drama på Firda
Les også
Fylkeskommunen som ønskjer mindre trivsel
Les også
– Vi støttar oppstart av dans og drama på Firda vgs
Les også
– Vi treng dans og drama vg1 på Firda vidaregåande skule