Foto: Dei nynorske festspela.

– Likt tilbod for heile fylket

Avdelingsdirektøren for opplæring tilrår at ein ikkje startar VG1 drama og VG1 dans for skuleåret 2024/25 på Firda vidaregåande skule. Dette forslaget fekk meg til å tenkje på ein ungdom eg møtte i Loddefjord mange år tilbake. Det er ikkje så mykje eg angrar på i dei 15 åra eg har jobba som dramapedagog, men det er ei episode eg stadig vender tilbake til: for mange år sidan var eg fersk pedagog og skulle ha eit dramakurs i regi av Bergen kommune. Denne onsdagen i Loddefjord dukka berre éi jente opp. Ho var sprekklar, det var heilt tydleg at ho hadde gleda seg. Men drama er lagsport, så eg gjorde som sikkert mange andre også ville gjort, eg avlyste. Det vart for krevjande, ja til og med ubehageleg å skulle køyre denne økta berre for éin person. No når det er snakk om å ikkje starte opp tilbodet i dans og drama ved Firda vidaregåande skule grunna låge søkjartal, tenkjer eg på denne ungdomen. At om eg hadde sett alt som var krevjande til side og våga å stå i det, så kunne eg ha starta noko denne onsdagskvelden. Men eg kasta vekk sjansen min.

Les også
Frårår å starte opp to tilbod ved Firda vgs. til hausten

Å ha små klassar er kostnadskrevjande, ikkje berre for fylkeskommunen, men for læraren også. Det krev litt meir av oss, ein må jobbe annleis, ein har færre å spele på, det er ikkje alt ein kan gjere, og det er sårbart med tanke på fråvær. Men lat oss stå i kostnadane, lat oss ikkje kaste vekk moglegheitene som ligg føre oss for dei ungdomane som har søkt på dans og drama denne hausten. Det finst også fordelar med å vere små; ein kjem tettare på, ein får følgt opp elevane betre både fagleg og sosialt. Og ein blir tvungen til å tenkje nytt. Mange av dei mest spanande prosjekta eg har gjort, har eg gjort med små kull. Det opnar opp nye moglegheiter, vi blir fleksible og kan jobbe på tvers av fag og linjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Firda-rektoren: – Vi mobiliserer

Som dramalærar på Sandane kan eg ikkje automatisk tilby det same som mine kollegaer i Bergen. Det krev at vi som lærarar er oppfinnsame. Vi må skape samarbeid utanfor Gloppen sine grenser, vi må reise. Rammene er ikkje like, vi brukar store deler av budsjettet vårt på å flytte elevane våre til Eid, Førde eller Fjaler for å sjå teater. Eg har ofte tenkt vi skulle hatt kompensasjon for plassering, og for det arbeidet vi legg ned for å kunne tilby elevane våre god og variert scenekunst, og å eksponere dei for ulike uttrykk. Mange har kanskje aldri sett profesjonelt teater før, og vår oppgåve er å sprenge deira bilde av kva teater er og kan vere, utvide perspektiva deira, og då må vi flytte på oss. Vi treng ein fylkeskommune som støttar og anerkjenner den jobben som blir lagt ned for å gje så like moglegheiter som mogleg for våre ungdomar. Vi treng folk på tribunane som heiar, ikkje å bli sett på benken når det er så mange gode spelarar på bana. Desse linjene er kamp i utgangspunktet, lenge før dette forslaget kom på bordet. Kamp for kvalitet og kontinuitet, vi kjempar for gode tilbod og samarbeid med profesjonelle aktørar som Teaterfestivalen i Fjaler, Teater Vestland og Riksteatret. Vi kjempar for like moglegheiter! Det handlar om unge menneske si rett på utdanning. Det handlar om distriktspolitikk og demokrati.

Les også
– Å legge ned dette tilbodet vil vere eit tap. Ikkje berre for Firda, men for Gloppen, og fylket

Men det er òg ein ting berre Firda vidaregåande skule kan tilby i heile Vestland fylkeskommune: eit fagmiljø der alle tre kunstfaga er samla. Dette opnar opp for auka kompetanse, samarbeid og nybrotsarbeid. Elevane er saman i 1. klasse i faget musikk, dans og drama og i storproduksjonen musikal i 3. klasse. I tillegg finst det ei rekkje samarbeid, særleg når kulla er små. Når vi har små klasser ser ein gjerne på tvers av linjene, og ofte resulterer slike kull i fleire tverrfaglege prosjekt, gjerne med dans og musikk, men av og til også med studiespesialiserande. Dette skapar positive ringverknadar både sosialt og fagleg på skulen. Og er ikkje dette nettopp det som kjenneteiknar Firda Vidaregåande skule?

Les også
– Høgre vil starte opp vg1 dans og drama

Eg meiner vi som fylke pliktar å gje ungdomane i Sogn og fjordane moglegheit til å kunne bli profesjonell scenekunstnar, og fleire av våre elevar blir det. Det er eit fåtal av våre elevar som har tidlegare erfaring med drama, for det er ikkje alle kommunar som tilbyr drama i kulturskulen. Firda er ein moglegheit desse ungdomane har til å gå vidare i utøvande utdanningar i innland og utland, utan denne er det i praksis vanskeleg å nå gjennom på opptaksprøver og ein risikerer å stenge av moglegheitene for ein heil region. Der somme går vidare innan scenekunst, vil mange gå vidare i andre yrker. Kanskje oppdaga ein i dramapraksis i barnehage at ein ville bli barnehagelærar eller lærar, eller ein såg at det var kjekt å jobbe med folk, at ein vil jobbe med helse, eller så fann ein si stemma og gjekk vidare med politikk.

Les også
– Til barrikadane for kunstfaga!

Eg er vand til å rettferdiggjere og forsvare dramafaget, vi blir visst ikkje ferdig med det. Dramafaget kom seg aldri inn som eige fag i grunnskulen, og det har ikkje mangla på fagfolk som har kjempa, heller ikkje dokumentasjon og forsking på viktigheita av faget. Som naturen har kunsten eigenverdi, men den har også samfunnsnytte. Men det blir ikkje meir skog av å hogge trea ned. Det finst mange vinklingar når ein skal diskutere verdien av kunst og kultur, men eg vel å snakke med ord som kanskje har resonans hos dei som fattar vedtak, ord som kan knytast til framtid, demokrati og arbeidsliv: I kreative fag jobbar vi med kommunikasjon, innovasjon og problemløysing. Vi analyserer, vurderer og reflekterer rundt oss sjølv, andre og ulike problemstillingar. Vi jobbar med samansette tekstar og uttrykk. Vi planlegg, gjennomfører og evaluerer. Vi jobbar praktisk og teoretisk. Vi jobbar saman med andre og individuelt. Vi jobbar med kritisk tenking, finne vår stemme - kva meiner eg? Kva meiner du? Det å lytte, sjå og det å bygge på andre sine forslag. Skifte perspektiv. Vere fleksibel. Jobbe med rettleiing, stå stødig, men våge å bli bevega og bevege andre. Dette er eigenskapar ein treng i alle yrker og særleg i tida vi er i no med store globale utfordringar. Djupast sett handlar det om å vere medmenneske, ein lagspelar og ein samfunnsdeltakar.

Les også
– Dans og drama kan no ikkje vere så viktig?

I samband med fylkessamanslåinga sat eg og elevane mine opp stykket: «Kvar er du no Sogn og fjordane?». Dette var ingen suksess om ein berre ser på besøkstal og billettinntekter. Den eine førestillinga hadde vi kanskje åtte betalande. Men betyr det at arbeidet ikkje hadde noko verdi? I denne produksjonen hadde vi stor fallhøgde, vi utforska ny teknologi og jobba med videoproduksjon og live filming på scena. Det gamle bomberommet vart gjort om til ein white box. Elevane skreiv eigne tekstar, fekk kome med si stemme på scena der dei sa noko om å høyre til, identiteten som er knytt til landskapet, oppleving av tap, tap av identitet. Førestillinga var hyllest, sorg og protest på same tid. Det å hekte ungdomane våre på dagsaktuelle saker, få dei til å tenkje over kva dei meiner, og finne orda sine og ikkje minst våge å seie dei høgt, er ikkje det sjølve mandatet vi har i norsk skule?

Les også
– Utan dans og drama er ikkje Firda meir enn ein skule

Og så er det ting ein aldri vil finne i søkartal, karakterlister eller rekneskap i fylkeskommunen, og det er dei ungdomane som finn seg sjølv og ikkje minst sin plass i laupet av desse tre åra på Firda. Vi har søkjarar på musikk, dans og drama som kjem med ei forhistorie, det kan vere ulike formar for utanforskap, eller noko som gjer dei sårbare. Mange kjem til Firda fordi dei har høyrt om det inkluderande miljøet, at ein kan vere seg sjølv, at ein finn sin flokk på tvers av kjønn, legning, tru, etnisitet og helse. Og det er desse elevane som ofte trer fram når ein ser tilbake. Dei elevane som ofte heilt fysisk finn ut av skalet sitt, finn fotfeste, tek plass, trekk piggane inn. Desse ungdomane som finn sin plass også etter Firda. Som går vidare og kanskje har fått erfare vennskap for første gong, som taklar betre å vere i eit fellesskap, som tørr å setje grenser, som har fått med seg erfaringar som hjelper dei på vegen til å bygge seg eit godt liv.

Les også
– Dette er heile Sogn og Fjordane sin skule!

Lat oss ikkje gjere det eg gjorde som uerfaren pedagog, å feige ut. Lat oss våge å stå i det som er krevjande, for viss det har verdi for den enkelte, har det ein verdi for oss som samfunn. For det mandatet alle lærar har er at opplæringa skal ”opne dører mot verda og framtida» og «fremje demokrati». Elevane skal «utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet” (Opplæringslova §1-1). Og for mange av mine tidlegare elevar har desse tre åra vore viktige steg på vegen mot resten.

Ingeborg Stige,

Artikkelen held fram under annonsen.

lektor i drama, Firda vgs