– Tar du bort ei elevgruppe på Firda er det ikkje ei Nordfjord-klasse som forsvinn, men det reelle nummer ein- og to-alternativet for elevar frå heile fylket, skriv Øyvind Indrebø i dette innlegget.

Dette er heile Sogn og Fjordane sin skule!

I 2017 fekk rektor Hallgeir Hansen overrekt Dronning Sonjas skulepris på vegne av Firda vgs i ein fullsett kultursal framfor 370 elevar, tilsette og innbedne skulefolk frå heile landet – av Dronninga sjølv. Dronninga heldt ein flott tale, og det same gjorde dåverande utdanningsminister, Torbjørn Røe Isaksen og leiaren for juryen, Inga Bostad, professor ved det utdanningsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Oslo. Som del av vertskapet stilte også dåverande fylkesordførar, Jenny Følling, som uttrykte si stoltheit over Firda som ein av dei fremste skulane i landet når det gjeld å bygge det gode liv rundt kvar enkelt elev.

I salen sat det elevar frå 26 kommunar i Sogn og Fjordane fylke, slik det har gjort dei fleste år. Firda er den skulen som i særklasse har flest postnummer i adresselista til elevane sine, og den einaste skulen som kan kalle seg Sogn og Fjordane-skulen. Då skulen fekk denne prisen vart det uttrykt stor glede blant foreldre og elevar frå Årdal og Lærdal i aust til Bulandet og Værlandet i vest, frå Stadtlandet i nord til Solund og Vik i sør. På ein skule der det vert tala alle fylkets tungemål vart såleis Dronning Sonjas skulepris ein pris til heile fylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desse talane vart det slege fast at Firda vgs har posisjonert seg blant dei aller fremste nasjonalt med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom grundig arbeid for å sjå heilskapen rundt elevane, og vidare at skulen arbeider for dialog som ein grunnleggjande verdi i alt den gjer, bruker systematiske skulevurderingar saman med elevar og skuleeigar og skil seg ut i samarbeidet sitt med fylket, kommunen og lokalmiljøet.

Konklusjonen var at berre målretta og tolmodig arbeid over tid kunne skape ein slik kultur ein har på Firda og at skulen har drive framifrå føregangsarbeid. Det vart uttrykt håp om at også mange andre skular ville hauste av Firda sitt arbeid for å byggje heile eleven med ei god mental helse i eit solid fellesskap. Elevar i harmoni med seg sjølve fører også til betre læring, vart det slege fast.

I grunngjevinga si trekte juryen òg fram den såkalla ”Gloppen-modellen”, eit nyskapande utdanningstilbod i helsefag til vaksne minoritetsspråklege som Firda vidaregåande skule har utvikla i samarbeid med NAV, Gloppen kommune og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune. Utdanninga har fremja språkopplæring, integrering og meistring gjennom praksis. I dag er dette blitt ein framtidsretta måte å utdanne denne elevgruppa på i store deler av landet, og det starta på Firda.

Endeleg peika også juryen på at Firda har utvikla eit nytt klima- og miljøfag som skal ruste elevane til å møte det grøne skiftet. Det nye faget blei omtala som pionerarbeid i Noreg, også det har skjedd på Firda.

For eigen del vil eg legge til det som etter kvart skulle bli først Firda, så Sogn og Fjordane si sentrale rolle på landsplan når det gjeld å implementere danningsaspektet i dei generelle læreplanane, og noko tidlegare på 2000- talet, retorikken som sterkt fornyande element i norskfaget og andre fag. Firda har lokalt og nasjonalt hatt ei hand på rattet i 102 år, og kanskje særleg dei siste 30 åra.

Utviklingsarbeidet er kome vidare, og i fleire år allereie har elevane hatt nøkkelkort til skulen og kan opphalde seg her døgnet rundt, også når det ikkje er tilsette til stades. For Firda-elevane er skulen «heime», og det naturlege dreiingspunktet i livet i tre år. Eg har snakka med mange tilsette rundt om på ulike skular i resten av landet som slit med å forstå at det er mogeleg å byggje ein slik tillitsbasert kultur. På mange måtar starta denne kulturbygginga med «Open skule» for over 20 år sidan, der Firda vert gjort om til ein heim for elevane på ettermiddags- og kveldstid. Også dette var noko som prega grunngjevinga til juryen.

Mykje av dette er nok ukjent for nye generasjonar skulepolitikarar i Vestland. Håpet er at dei skaffar seg kunnskap om kva Firda har å seie skulefagleg og identitetsmessig for relativt store deler av folket i Sogn og Fjordane.

Før ein eventuelt byrjar å plukke bort tilbod frå denne skulen – må ein vite kva ein står i fare for å bryte ned. Tar du bort ei elevgruppe på Firda er det ikkje ei Nordfjord-klasse som forsvinn, men det reelle nummer ein- og to-alternativet for elevar frå heile fylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liggande midt i gamle-fylket vil Firda med sine kvalitetar kunne sørve både dei elevane som meiner dei ikkje vil finne seg til rette i dei store skulemiljøa i Førde og Sogndal, og elevane som bur så langt borte frå næraste vidaregåande skule at dei uansett må bu på hybel.

Sandane er trygt og oversiktleg, og folket her har 102 års trening i å ta vare på hybelbuarane sine. Ein kunne ha skrive side opp og side ned om dette. Nettopp det har Arve Sandal gjort i den velskrivne, kulturhistoriske boka si om Firda vidaregåande. Den bør lesast!

No er altså tilbodet om studiespesialiserande føreslått tatt bort, til trass for at denne klassa på Firda dei aller fleste år er fullteikna med 30 elevar. For komande år har klassa ein primærsøknad på 33 elevar, og enda fleire dersom ein tar med andrevala. Grunngjevinga er (alt for) enkel. Ein skal ta bort to av seks studieførebuande klassar i Nordfjord, og Eid og Stryn skal ha to klassar kvar. Taparar blir Firda vgs og Måløy vgs – og ikkje minst elevane i desse to kommunane.

Manglande lokalkunnskap må ha ført til denne (feil-)slutninga. Som sagt rekrutterer Firda med si sentrale geografiske plassering frå heile fylket. Nordfjorden ligg som ei fysisk og mental sperre mellom dei tre andre skulane, Sunnfjord og Sogn.

Ein stor del av dei som tar studiespesialiserande på Firda vil gå tapt for Nordfjord. Dei Firda-elevane som ikkje kjem frå Sandane-området vil velje skular som ligg geografisk nærmare heimstaden. Dette blir for ein stor del i Sunnfjord og Sogn. Dei har blant anna valt Sandane fordi venene deira er komne inn på dans, drama, musikk eller idrett. Det er lite sannsynleg at dei vil fylle opp klassane på Eid og i Stryn.

Nitti elevplassar er ikkje allverda tenkjer nokon - og trekkjer på skuldrene. Alle skulefolk veit at akkurat den kompetansen lærarane på studiespesialiserande sit med er høgst avgjerande for kvaliteten på ein skule totalt sett.

Med 90 færre studiespes-elevar, færre lærarar, og for tida marginaliserte fag som dans og drama, blir det meir enn krevjande å føre vidare den kulturen som er omtalt ovanfor.

Kort sagt: Å bli fråteken denne kompetansen svekkjer Firda (og Måløy) på urimeleg vis. Å ta bort fulltalege klassar blir som å amputere i ein kropp som ikkje ein gong treng operasjon. Situasjonen blir meiningslaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gloppen er allereie storleverandør av elevar til yrkesfag på Eid, det er få elevar som kjem andre vegen. Det er eit tankekors at over halvparten av elevane På GU må ut av kommunen for å utdanne seg, når ein av landets fremste skular ligg vegg i vegg med denne ungdomsskulen.

Med eventuell nedlegging av studiespesialiserande-klassa blir denne utpendlinga høgare, og nærast meiningslaus. Foreldre i Gloppen bør stille seg spørsmålet om kvifor ikkje utdanningsansvarlege i fylket ser dette, og om foreldre i Førde, Sogndal og Florø ville ha funne seg i det same.

Ei handsrekning bør i alle fall fylkespolitikarane kunne gje skulemiljøet på Sandane og dei som veks opp i Gloppen: La Firda behalde ei studieklasse. Det vil Gloppen tene på, og det vil heile fylket tene på. Å rive grunnmuren under eitt av dei mest solide skulemiljøa i landet ville vere direkte destruktivt. Eg skulle likt å høyre korleis Dronninga, Røe Isaksen, Bostad og Følling ville ha kommentert ei slik handling.

Øyvind Indrebø,

lektor Firda vgs