Fylkeskommunen som ønskjer mindre trivsel

Det var med stor vantru me mottok meldinga om nedleggingsframlegga som administrasjonen ved Vestland fylkeskommune har lagt fram til politisk handsaming nå i vår. Det er generelt leit å sjå at så mange skular i gamle Sogn og Fjordane kan verte råka av det me alle frykta ved fylkessamanslåinga; nemleg ein sterk sentraliseringspolitikk. Me som framleis ønskjer å befolke andre stader enn dei store tettstadene og byane i nye vestlandsfylket, me ønskjer å kjempe for at ungdomen vår skal få gode og trygge tilbod også nær heimstaden deira.

Men sidan hjartet bankar særskilt for ein spesiell skule, vil dette innlegget handle om den, nemleg Firda VGS på Sandane. Vestland fylkeskommune foreslår å leggje ned både studiespesialiserande og dans/drama-lina ved Firda VGS. Skulen som markerer seg i trivselsundersøkingar med resultat godt over gjennomsnittet; det kunne verke som det er for bra for fylkeskommunen, at dei tenkjer dei må jamne ut trivselstala? Det må ikkje vere nokon tvil om at dette framlegget vekker sterke kjensler og frustrasjon hjå oss foreldre over at nokon vågar å råke denne fantastiske skulen og dette unike miljøet!

Artikkelen held fram under annonsen.

Me høyrer heime i ein heilt annan del av fylket enn Nordfjord, men kjennskapen om miljøet ved Firda gjorde sitt til at to av gutane våre strena dit så fort dei var ferdige i ungdomsskulen. Dei opplevingane me har fått ta del i gjennom deira skulegang har vore så fargerike og minnerike at det kunne ha vore skrive ei bok om det. Bøker er også skrivne om denne særeigne skulen si historie og bakgrunn, vel verdt å lese dei òg! Men det me opplever som særmerkt ved Firda VGS er i hovudsak to ting: Det eine er at berre gjennom å ha studietilbod innan estetiske fag, skapast det rom for å tillate ungdomen å by på seg sjølv, og dermed også få vere seg sjølv! Nå finst det mange skular i landet som tilbyr både musikk, dans og drama; men det dei får til av samarbeid og samhandling på tvers av linene ved Firda, det må vere heilt unikt. Me har ein gut som nå studerer musikk i Kristiansand. Han fortel at blant musikkstudentane ved Universitetet i Agder går det gjetord om denne vidaregåande skulen i Nordfjord, som produserer så inkluderande og trivelege studentar seinare i livet.

Er det nokon av dykk i administrasjonen i fylkeskommunen som nokonsinne har vore på ei musikal-oppsetting ved Firda? Å sjå slike oppsettingar utan å bli blank i auga, er vanskeleg. Det er lett å sjå kor fantastisk oppleving og erfaring det må vere for desse ungdomane å få delta og syne seg fram i slike storslåtte spel, og kva for meistringskjensle noko slikt må gje! Dette er kvar gong godt gjennomarbeidd frå lærarane si side, og nettopp det syner ei lang og brei erfaring når dei år etter år klarer å produsere like spektakulære og inntrykksfulle forestillingar. De var der vel ved 100 års-feiringa for skulen i 2022? Gjorde ikkje det berre bittelitt inntrykk eingong?

Den andre sida ved Firda som eg vil framheve er så opplagt at det kjennest banalt å seie det: TRIVSEL! Tilbake til trivsel- og mobbeundersøkingar, følgjer de verkeleg ikkje med på desse? Eller får de med dykk at skulen for få år sidan fekk pris for landets beste skulemiljø, ein pris som vart delt ut av sjølvaste Dronning Sonja? Kvifor det er så spesielt triveleg ved Firda, og at skulen scorar på trivselsfaktor godt over fylkesgjennomsnittet både i år og tidlegare år, det må vere mange grunnar bak. Men ein ting er heilt sikkert: trivsel kjem ikkje av å verte nedleggingstruga! For å bygge gode skulemiljø trengst snarare eit kontinuerleg arbeid mot langsiktige målsettingar. Relasjon og tilhøyrsle er ikkje noko ein skapar over natta. Ved å fjerne studie og dans/drama, fjernar ein så stor del av elevmassen, og det vil få utruleg stor innverknad på nettopp miljøet og kva som gjer det så unikt å vere vidaregåande elev på Sandane. Eg håpar at fylkespolitikarane, som skal gruble på dette, også får med seg at til studielina ved Firda VGS er det ikkje berre Gloppen-ungdom som søkjer. Ungdom kjem heilt frå indre og ytre Sogn - berre for å gå studie, eit tilbod dei kunne valt langt nærare heimstaden, eller i ein by eller større tettstad slik fylkesadministrasjonen tydelegvis ønskjer seg aller mest. Det må jo gjere inntrykk? Det må også nemnast, sidan det er openbert at administrasjonen i fylket ikkje får med seg dei gode tala frå skulen, at mobbeundersøkinga ved Firda inneverande år syner blankt null tilfelle. Det er ikkje mange skular som kan skilte med slike tal.

Det er berre ved å sikre kontinuitet på alle dei linene Firda VGS har i dag, at skulen kan få halde på med det utruleg gode arbeidet dei gjer. Eit tilbod det syner seg at ungdom traktar etter, og vel å reise langt for å kunne delta i. Det er ikkje akkurat «breiddeidrett» å drive med dans og drama, men eit desto viktigare tilbod for dei som har eigenskapar og talent innafor feltet. Å ha ein logikk der ein legg ned ei line straks elevtalet går noko ned, heng nok berre saman med økonomi og lite anna fornuft. For konsekvensane blir så mykje større enn dei kronene ein kan spare: Å ikkje tole variasjon i søkjartal vil knekke det langsiktige arbeidet med dette unike tilbodet. Eg ville unt ein kvar ungdom å få oppleve tre år på Firda VGS.

Er det ikkje det politikarane skal tenkje på; ungdom sitt beste?

Gøril Tveiten Lie,

Aurland