Utdanningsforbundet Gloppen ved lokallagsleiar Anne Lise G. Lotsberg tek til orde for å halde på vg 1 dans og drama ved Firda vgs. til hausten.

– Vi treng dans og drama vg1 på Firda vidaregåande skule

Fordi:

– det gjev ei unik utdanning innan estetiske fag, på nynorsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– dans og drama, saman med musikklinja utgjer ein heilskap. Linjene gjev elevane erfaringar og samarbeid om heile prosessar, frå idear til kunstnariske oppsetjingar. Dei tilføre distrikta kulturelle opplevingar til glede og nytte for alle.

– vi har plass til, råd til og behov for dei få som vel å utdanne seg innan estetiske fag. Dei får ei solid og brei utdanning som kjem til nytte i alle yrke og område i samfunnet.

– ei halv klasse får utdanninga som dei ynskjer og er interessert i. Vi treng dei alle som nye kulturberarar og kulturarbeidarar i framtida. Kultur skapar trivsel, arbeidsplassar og økonomisk vekst.

– det vil oppretthalde kompetansen og fagmiljøet innan dans og drama på skulen. Det er raskt å rive ned, men krevjande å byggje opp att.

Vi ber om at hovudutvalet for opplæring og kompetanse satsar på skulane i distrikta og investerer i ungdomane våre. Det vil gje oss føresetnadane og stabiliteten som trengs for ei god utvikling.

Utdanningsforbundet Gloppen

v/Anne Lise G. Lotsberg, lokallagsleiar