Politiet skal vere væpna 17. mai

Politioverbetjent Nils Ove Roset i front for 17. mai-toget på Sandane i 2022.

Politiet skal i tida framover vere væpna i enkelte periodar mellom anna ved arrangement, merkedagar og høgtider, som til dømes 17. mai.

– Væpning er viktig som førebyggjande tiltak, og for å sikre ein rask og effektiv respons frå politiet for å redusere skadeomfanget ved eit angrep, seier beredskapsdirektør i Politidirektoratet Tone Vangen i ei pressemelding.