– Utan dans og drama er ikkje Firda meir enn ein skule

Fylkeskommunen har kome med forslag om å ikkje starte opp ny dans- og dramaklasse på Firda vgs. til neste år. Det vil seie at det neste årskullet som har søkt på ei av desse to linjene ikkje vil få moglegheita til å gå linja i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for forslaget er låge søkjartal.

Klassa vår, den noverande førsteklassa, er éin mindre elev enn neste årskull sitt søkjartal, og vi meiner dans og drama likevel skal starte opp. Det låge talet elevar i klassa er ikkje nødvendigvis negativt. Ikkje berre er det enklare å bli verkeleg godt kjent med alle i klassa, men det er òg enklare for lærarane å leggje til rette for undervisninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Frårår å starte opp to tilbod ved Firda vgs. til hausten

For oss har dette fyrste året vore fylt med mykje glede og gode vennskap, og klassa har blitt ein stad der vi føler oss heime. Programfaga synest både vi som går dans og vi som går drama er særs interessante, lærerike og ikkje minst kjekke. Vi er utruleg takksame for at vi får gå på dessa tilboda på Firda, og vi hadde valt det same på nytt att dersom vi kunne. Kven av oss som kjem til å satse på ei utdanning innanfor dans eller drama veit vi ikkje, men dersom tilbodet ikkje held fram på Firda som den einaste vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane med danse- og dramalinje, blir plutseleg ein del av kulturen til dei nye generasjonane i distriktet vekke.

Les også
Firda-rektoren: – Vi mobiliserer

Vi går studieførebuande linjer med programfag som spelar på interessa vår og gir oss eit praktisk avbrekk som hjelper godt på motivasjonen og meistringskjensla. Vi tvilar på at talet søkjarar i Bergen på dans og drama kjem til å auke noko særleg etter ei nedlegging på Firda. Framtidige søkjarar trur vi kjem til heller å søkje ei anna linje i Sogn og Fjordane. Det er ikkje mange 15-16-åringar som tør å flytte på hybel så langt vekk frå heimen som til Bergen, sjølv om dei ønskjer å gjere si store interesse på vidaregåande.

Les også
– Å legge ned dette tilbodet vil vere eit tap. Ikkje berre for Firda, men for Gloppen, og fylket

Det som er unikt med Firda er at vi har alle linjene innan musikk, dans og drama (MDD). Desse tre linjene i kombinasjon gir store fordelar. MDD fører til at vi kan ha eit godt samarbeid mellom linjene og kunstartane som ofte går i lag. Tradisjonen om musikal for 3. MDD blir vanskeleg å få til på same måte utan dans og drama. For firdaelevar er musikalen eit av årets høgdepunkt, og det gir ei ekstra meining til faga og spesielt faget «mdd», som MDD har i første klasse. Mdd er eit fag som blandar saman elevane som går musikk, dans og drama, og der vi lærer om alle dei tre kunstformene og korleis ein kan kombinere desse. Mdd-faget vil ikkje bli det same utan alle linjene.

Les også
– Høgre vil starte opp vg1 dans og drama

Når vi set opp framsyningar er det samarbeid på tvers av klassetrinna som gjeld. 19.-26. april set vi opp Firdafestivalen med framsyning frå dramalinja, danselinja og musikklinja. Alle kombinerer vg1, vg2 og vg3, og det er ekstremt viktig for at framsyningane skal bli heilskaplege. Vi som allereie er her vil bli påverka negativt av mangel på nye klasser. Oppsetjingar vil ikkje bli det same og moglegheitene vil bli færre. Forslaget frå fylkeskommunen vil altså ikkje berre totalbremse nye søkjarar, men vil avgrense noverande elevar si læring, utvikling og utdanning.

Les også
– Til barrikadane for kunstfaga!

Kva skal skje med Firda?

Vi lurer på kva politikarane tenkjer skal skje med Firda dersom dans og drama blir lagt ned. Er målet deira to tomme dansesalar og to tomme dramasalar som eksisterer i mørket på dagtid? Skal dei fantastiske danse- og dramalærarane våre miste jobben dei er flinke til? Blir framtida for Firda nedlegging? For går først éi linje, er vegen kort for at fleire linjer på Firda også blir lagde ned. I mars kom forslaget om å legge ned studiespesialisering. Viss desse forslaga blir sette i verk, står Firda igjen vagt, og eit godt skulemiljø på ein fantastisk skule vil gå tapt. Miljøet på Firda er spesielt grunna den store prosentandelen som bur på hybel. Denne typen miljø fungerer veldig godt, og det finn ein ikkje mange stader.

Les også
– Dans og drama kan no ikkje vere så viktig?

Firda er kjent for ordtaket «Firda - meir enn ein skule». Skulen er ein fellespakke med fem linjer som trengs for at det skal vere meir enn ein skule. Utan dans og drama manglar Firda noko vesentleg. Utan dans og drama er ikkje Firda meir enn ein skule. Vi ber fylkespolitikarane om å oppretthalde danse- og dramaklassa også til hausten!

1. dans/drama ved Firda vgs. 23/24