– Vi støttar oppstart av dans og drama på Firda vgs

Distriktspolitikk handlar om å sikre skuletilbod for elevar i alle delar av fylket. Det er også viktig kulturpolitikk. Sjølv om det i år er låge søkjartal på dans og drama, vil vi starte opp dans og drama på Firda vgs frå hausten av. Medan administrasjonen i Vestland fylkeskommune gjer framlegg om ikkje å starte opp dans og drama.

Musikk, dans og drama gjev generell studiekompetanse. Og er ein veg til vidare høgare utdanning for elevar som har styrken sin innanfor dei estetiske faga, og nokre gonger større utfordringar med dei teoritunge faga. Desse faga er med og aukar mangfaldet og kan redusere utanforskap og gjere at fleire elevar kan fullføre vidaregåande skule. Nokre av elevane held fram med å utdanne seg til kultursektoren, andre tek med seg lærdomen frå dei estetiske faga inn i ein lang rekkje yrke. Og mange av dei vert ressurspersonar i det frivillige kulturlivet med dei gode ringverknadar det fører med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gloppen kommune og Vestland fylkeskommune eig saman Trivselshagen kultur og bygningane som utgjer ein viktig del av Firda vgs med til dømes kultursal, dramasal og dansesal. Det er eit godt samarbeid mellom den kommunale kulturskulen og Firda vidaregåande skule, der lærarar hjå kulturskulen vert brukte i undervisninga på Firda vgs. Dette samarbeidet bidreg ikkje berre til å utvikle kunstnariske talent, men også til å skape kompetansearbeidsplassar.

For elevar som ønsker å fordjupe seg i dans eller drama er det å ha eit tilbod nær der dei kjem frå ofte avgjerande for om dei kan følgje denne interessa eller ikkje. Då vert eit fagtilbod i Bergen eigentleg ikkje eit reelt alternativ for mange 16-åringar. Satsar vi vidare på dans og drama no, gjev det grunnlag for å auke søkjartala i åra framover.

Ap, Sp, SV, KrF, MDG og Venstre støttar difor oppstart av dans og drama til hausten.

Arnar Kvernevik, ordførar, Ap

Per Jarle Myklebust, Sp

Per Ståle Husevåg, KrF

Hege Lothe, SV

Mariel Eikeset Koren, MDG

Artikkelen held fram under annonsen.

Alf Erik Røyrvik, V