– Til barrikadane for kunstfaga!

Kunstfaga i den vidaregåande skulen er i hardt vêr. I framlegg til ny skulebruksplan er musikkliner på Voss og Stord føreslege nedlagde, og på Firda vgs. på Sandane er drama- og danseklassa for året 24-25 føreslege stogga på grunn av låge søkjartal. Om alt dette vert røyndom, kan Bergen verte den einaste staden i Vestland med desse tilboda. Det er fleire grunnar til at dette ikkje er så lurt.

Les også
Frårår å starte opp to tilbod ved Firda vgs. til hausten

Mangfald, veit du

Desse estetiske linene representerer eit mangfald for elevane i Vestland, men er under press. Det er ulike grunnar til det. Til dømes er mange opptekne av yrkesfag, som har fått vind i segla. Og det er ikkje noko gale i det; yrkesfag har lenge hatt dårlege kår med låge søkjartal og gjennomføring, men dette er no i endring. Og det er gledeleg. Men alle som har vore på veg heim frå fest veit at det er ein dårleg idé å gå frå den eine grøfta til den andre. Det kan ikkje vere noko poeng i å svekke entusiasmen for kunstfaga, eller for den saks skuld innsatsen for dei studiespesialiserande linene: forskjellige elevar treng å kunne søkje til forskjellige liner. Alle skal ikkje verte snikkarar, legar eller dansarar, men alle bør få teoretisk høve til det. Mange elevar på musikk, dans- eller dramalinene har uttalt at det var desse tre åra som løfta skulegangen deira; desse linene er òg studieførebuande, så vegen vidare er brei. Den vidaregåande skulen må vere ein skule som har plass til alle. Om ein sentraliserer alt av estetiske liner til Bergen, vert dette ei innsnevring av mangfaldet i distrikta i Vestland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Firda-rektoren: – Vi mobiliserer

Som lærar ved ein skule med ein lang tradisjon for musikk, drama og dans har eg sett diverse svingingar i søkinga dei siste åra; nokre år er klassene fulle, andre år ikkje. Det kan vere mange grunnar til det. Ikkje å starte opp linene til hausten sender uheldige signal, og kan vere snøballen som tek til å rulle. Det viktige no er å syte for at desse linene også får støtte, like mykje som yrkesfaga. Det trengst ei medvitsendring på brei front. Det trengst litt ekstra kjærleik. Dei estetiske linene treng fleire gode vener, som kan snakke varmt om desse tilboda. Dette angår alle frå tidlegare elevar til rådgjevarar i grunnskulen, til utøvande kunstnarar, til foreldre. Det er ikkje snakk om berre å berge linene for komande år eller til neste år, men også for framtida. Det fortener både noverande og komande elevar.

Nynorskens skog

For språkmangfaldet i Noreg representerer dei estetiske linene i distrikta i Vestland noko viktig. Dette er kjerneområdet til nynorsken. Skulespråket er nynorsk, målforma i dramasalen på Firda vgs. er Ivar Aasen si eiga målform, og dansarar, musikarar og dramaelevar arbeider i ei målform som har skapt scenekunst med Nobelt tilsnitt.

Dette risikerer ein å miste ved å sentralisere faga til Bergen, og redusere tal plassar. Om den einaste drama og danselina i distrikta vert svekka, eventuelt forsvinn, vil dette også gje færre flater for elevar med nynorsk som hovudmål å utfalde seg kreativt på. Firda vgs. kan syne til ei lang liste med elevar som seinare har gjort seg gjeldande innan teater, musikk og dans. Dei fleste av desse har nynorsk som sitt hjarte- og arbeidsspråk.

Les også
– Å legge ned dette tilbodet vil vere eit tap. Ikkje berre for Firda, men for Gloppen, og fylket

Ei gåve til busselskapa

Om alle dei elevane som ynskjer å gå på anten musikkfag, danseline eller dramaline må til Bergen, vert det mange 15-åringar som må setje seg på bussen til ein hybel i vestlandshovudstaden, dersom Vestland fylkeskommune skal oppretthalde dette tilbodet til alle søkarar.

Truleg vil mange foreldre seie seg glade for å ha sine elevar i mindre, tryggare miljø på Voss, Stord eller på Sandane. Dei mindre skulane har gjerne gode forhold å vere ung hybelbuar på. Firda vgs. har t.d. ope tilbod på kveldstid med aktivitetar på skulen, tilgang til øvingsfasilitetar og eit inkluderande miljø Dronning Sonja fann grunn til å prisgje.

Les også
– Høgre vil starte opp vg1 dans og drama

Generell mobilisering for kunstfaga, takk!

Kven skal setje opp stykka på teater som gjer deg nye måtar å tenkje på? Kven skal bli danselærarar i kulturskulen nær deg? Kven skal fortrylle deg med dans du ikkje visste fanst? Og kven skal utdanne dei nye gitarheltane? Voss? Stord? Sandane? Eller berre Bergen? Dette bør folk i fjordfylka tenkje litt på, anten ein er politikar, rådgjevar, kulturbyråkrat, teatermenneske, musikar, dansar eller forelder. Ein må slåst for det ein har. Og no må vi slåst for desse faga.

Har dei estetiske faga i skulen vener? De trengst no!

Anders A Fitje,

Artikkelen held fram under annonsen.

lektor, Firda vgs. Sandane