– Dans og drama kan no ikkje vere så viktig?

Fylkesdirektøren har kome med forslag om å ikkje starte opp klassar i danse- og dramafag på Firda VGS til hausten. I Lidvin-fylket, Pavelich-fylket, kulturfylket er ikkje kulturen så viktig likevel, ser det ut til. I ei tid der yrkesfagutdanning trumfar det meste, og blir flagga høgt både av sentrale og lokale politikarar, slit ein med å sjå den danningsberande krafta kulturfaga representerer.

Les også
Frårår å starte opp to tilbod ved Firda vgs. til hausten

I ei tid der vi treng kulturen meir enn noko sinne, blant anna for å skape livskraft i lokalsamfunna våre, skal det stikkast kjeppar i hjula for den einaste utdanninga utanfor Bergen som på sikt skal fylle opp kulturskulane våre med kvalifisert arbeidskraft innanfor musikk, dans og drama. Det er vanskeleg å godta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi må ta inn over oss at tankesettet til sogningar og fjordingar har endra seg. Lidvin- effekten, og seinare også Pavelich-effekten, har over tid skapt ei bølgje som har skylt over Sogn og Fjordane og ført til at sjølve mentaliteten har blitt ein annan. For eit halvt hundreår sidan kunne nok hardtslitande kroppsarbeidarar sjå på profesjonell kulturutøving som snobberi. I dag har foreldre flest i denne delen av Vestland tradisjon for å tenkje at ein god og dannande oppvekst går innom ein kulturskule, ein dansesal, ein black-box og minst eitt musikkinstrument. Det kulturfylket som leiande personar drøymde om tidleg på 80-talet, og som ein jobba hardt for å skape dei følgjande 30 åra, har blitt ein realitet. No pliktar vi fjordingar og sogningar å ta vare på dette saman! Kulturlivet er varemerket vårt.

Les også
Firda-rektoren: – Vi mobiliserer

Så lenge dans og drama har eksistert på Firda har søkjartala gått opp og ned. Fleire år har det vore fulle klassar og venteliste for å kome inn. Dei to - tre siste åra har søkjartala gått ned, men erfaringa viser at dei vil gå opp att. Slik eg ser det, er det særleg to grunnar til at søkjartala er nede i ein bølgjedal no.

For det første spelar som tidlegare nemnt det store fokuset på yrkesfaga inn. Dei aller fleste studieførebuande utdanningsprogram har nedgang i høve yrkesfag.

For det andre viser erfaringa at Firda med jamne mellomrom må ut og informere om at danse- og dramalinja også gir studieførebuande utdanning. Mange stjerner har blitt skapte på Firda, men dei som ikkje får, eller ikkje ønskjer, plass på stjernehimmelen, kan framleis blir lærarar, sjukepleiarar, juristar og byråkratar, for å nemne noko. Det er det nok mange elevar og foreldre som ikkje er klar over. Og heldig er det bygdesamfunnet som får heim ein nyutdanna vernepleiar eller barnehagelærar som også kan løfte kvaliteten i det lokale kulturlivet fordi dei tok vidaregåande på Firda.

Les også
– Å legge ned dette tilbodet vil vere eit tap. Ikkje berre for Firda, men for Gloppen, og fylket

Kvifor er det så viktig at ein ikkje stoppar inntaket eit år eller to?

Engasjerte og entusiastiske drama- og danselærarar har bygd opp ein profesjonell læringskultur som over tid har fått eit godt rykte på seg, og dei har opparbeidd ei omfattande kontaktflate med dei fleste kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. Omtalekulturen har gjort det lett for Firda å hente dyktige danse- og dramapedagogar frå heile landet. For Firda vert det krevjande dersom dette miljøet forvitar. Alle som har vore i Tusenfryd veit at ein blir sliten av å sitje i berg- og dalbane over tid. Pedagogane på studiet, og elevane, fortener at kreftene kan brukast på det kreativt faglege, og lærarane fortener kontinuitet og arbeidsro, også dei åra elevmassen ikkje er like stor.

Les også
– Høgre vil starte opp vg1 dans og drama

Viktigast er likevel elevane, og at dei som går rundt i ulike bygdelag og drøymer om Firda og Sandane faktisk skal få mogelegheita. Dei som i år går VG1 dans/drama er berre 15, dei som gjekk ut førre år, og året før, var tett oppunder 30. Då snakkar vi om robuste fagmiljø.

Dei 15 elevane som utgjer VG1 dette skuleåret og som kjem frå Askvoll, Holmedal, Rognaldsvåg, Jølster, Høyanger, Kaupanger, Hafslo, Ågotnes, Ortnevik, Sandane, Vereide, Balestrand, Førde, Sunde og Stryn/Donetsk – treng dei 15 elevane som ønskjer å starte VG1 til hausten, rett og slett for å få breidde i øvingar og oppsetjingar. Eitt års hol i elevmassen vil føre til forvitring, og den vidgjetne snøballen vil byrje å rulle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Legg merke til alle stadene elevane kjem frå. Dette er representativt for alle årskulla på skulen. Det er dette som gjer Firda til ein Sogn og Fjordane-skule, og som gjer at Firda er kulturberaren framfor nokon. Firda forvaltar Lidvin- og Pavelich-arven for heile fylket vårt. Sjølvsagt treng smelteverka i Årdal og Svelgen kvalifisert yrkesfagleg arbeidskraft. Ingen meiner noko anna. Men dei legeringane som kjem ut av smeltedigelen Firda har ein spesiell kvalitet. Kunsten og kulturen har her danna heile mennesket – og har høg overføringsverdi også for dei som i etterkant vel tradisjonelle yrke. Å kunne by på seg sjølv slik dansarar og dramatikarar kan, blir aldri feil.

Les også
– Til barrikadane for kunstfaga!

Dei fleste åra med fulle klassar på dans og drama kjem sjeldan meir enn tre – fire frå kultur- og vertskommunen Gloppen. Det er derfor ikkje først og fremst ei Gloppen- oppgåve å rope høgt for denne linja.

Firda er Sogn og Fjordane sin eigen kulturelle garantist, og til hausten har 15 potensielle danse- og dramaelevar (saman med ei fullsett musikk-klasse) frå heile fylket håp om å bere den kulturelle stafettpinnen vidare. Det må fylkespolitikarane ta inn over seg.

Øyvind Indrebø,

lektor Firda vidaregåande skule