No har Maren både gull-, sølv- og bronsemedalje
Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra norsk bronsemedalje då ho gjekk ankeretappen under skiskyttarstafetten i OL onsdag ettermiddag.
Favoritten Frankrike hadde langt på veg avgjort stafetten før den siste etappen, der dei hadde den olympiske meisteren Julia Simon, medan Hjelmeset Kirkeeide la ut på sin etappe saman med svenske Hanna Öberg.
På liggande skaut både Noreg og Sverige éin bom, men den svenske jenta brukte mindre tid og gjekk ut ni sekund framfor nordfjordingen.
Annonse
På den ståande skytinga skaut Simon fullt hus, Öberg brukte eitt ekstraskot, Hjelmeset Kirkeeide to. Ut frå skyting leia Frankrike med knapt eitt minutt på Sverige, medan Noreg og Maren Hjelmeset Kirkeeide var drygt 20 sekund bak den svenske jenta.
Stillinga heldt seg på den siste runda. Noreg kom i mål til bronsemedalje, 1:07 bak Frankrike på 1.-plass og 16 sekund bak det svenske sølvlaget.