Kjøttimporten auka kraftig i fjor.

Kraftig auke i kjøttimporten i fjor

Importen av kjøtt og kjøttvarer auka med 45 prosent i fjor. Årsaka er kjøttunderskot i den norske marknaden.

Publisert

I alt auka importen av jordbruksvarer i fjor med 6,1 prosent målte i verdi og 4,9 prosent målte i mengd, viser ein fersk rapport frå Landbruksdirektoratet.

Importen av jordbruksvarer utgjorde 11 prosent av den totale importen av varer til Noreg i 2025. Samtidig vart det eksportert jordbruksvarer til ein verdi av 20,3 milliardar kroner, som er ein auke på 5,7 prosent frå året før.

Dei internasjonale prisane på mange viktige jordbruksvarar steig i fjor, og internasjonale matvareprisar var rundt tre prosent høgare i 2025 enn i 2024. (©NPK)

Powered by Labrador CMS