- Har teke lengre tid enn vi hadde trudd
Lastebilane som tysdag skulle frakte åtte brubjelkar frå tømmerkaia i Eikefjord til den nye brua på Solheim i Hyen, fekk fleire uventa utfordringar.
– Det har teke lengre tid enn vi hadde trudd, mykje av det skuldast utfordrande vêr og føre. Etter veker med kaldt og tørt vêr lava snøen ned i delar av Sunnfjord og Nordfjord.
Det seier prosjektleiar Bjørn Andre Storøy i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Annonse
Olav Klungre i Midtvegen 615 opplyser at dei to lastebilane som har vore i bruk også fekk tekniske utfordringar som forseinka transporten.
- Den eine fekk utfordring med eit rele (som styrer hjula bakerst) og den andre fekk trøbbel med ein luftslange, skriv han i ein e-post til Firda Tidend.
Arbeidet vil halde fram onsdag.