SV nær sperregrensa på ny måling
SV nærmar seg sperregrensa i ei ny meiningsmåling. Her er Frp det største partiet i landet med 28 prosent.
Med ei oppslutning på 4,2 prosent er sperregrensa farleg nær for SV på målinga som er utført av Opinion for Dagsavisen og FriFagbevegelse.
Talet er 1,5 prosentpoeng lågare enn førre månad.
Av dei som stemde SV ved stortingsvalet i 2025, har halvparten no forlate partiet, viser tala frå Opinion.
– Det er openbert at vi må skjerpe oss. Det er ikkje dette nivået vi skal liggje på, seier SV-nestleiar Lars Haltbrekken.
Målinga viser også at Høgre førebels ikkje får noka utteljing for partileiarbytet etter at Ine Eriksen Søreide i helga formelt vart vald til Erna Solbergs etterfølgjar. Høgre går tilbake 2,3 prosentpoeng og landar på 15,7 prosent. Målinga er gjort både før, under og etter landsmøtet.
Frp legg på seg 0,9 prosentpoeng sidan førre måling og får 28 prosent.
Heile målinga: Ap 23,1 (uendra), Frp 28 (+0,9), Høgre 15,7 (-2,3), SV 4,2 (-1,5), Sp 6,4 (+1,1), Raudt 7,2 (+0,9), MDG 4,5 (-0,2), KrF 3,7 (+0,5), Venstre 3 (+0,4), Andre 4,1 (+0,2).
1000 personar er spurde i perioden 9. til 16. februar. Feilmarginen ligg mellom 3,1 prosent og 1,4 prosent. (©NPK)