Maren Hjelmeset Kirkeeide under sprinten der ho tok gull laurdag. Foto: Heiko Junge/NTB.

I dag skal Maren gå stafett

Maren Hjelmeset Kirkeeide skal gå siste etappe på det norske laget på 4x6 km skiskyttarstafett i OL i Italia onsdag. 

Nordfjordingen står med éin gull- og éin sølvmedalje så langt i OL, og har sjanse til å sikre seg meir edelt metall, sjølv om Frankrike, Sverige og Italia er dei største medaljefavorittane. 

I tillegg til Hjelmeset Kirkeeide, går Marthe Kråkstad Johansen, Juni Arnekleiv og Karoline Knotten på det norske laget.

Løpet startar kl. 14:45.

Powered by Labrador CMS