Geirangerfjorden. Dei sju søstrene og Skageflå.

Over 90 millionar til norsk verdsarv

Riksantikvaren fordeler 90,9 millionar kroner til dei norske verdsarvområda og verdsarvsentera i 2026.

Publisert
Urnes stavkyrkje i Sogn.

I alt er åtte område i Noreg på verdsarvlista til Unesco: Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Røros bergstad og Circumferensen (omlandet for gruvedrifta), fire punkt på Struves meridianboge, Urnes stavkyrkje, Vestnorsk fjordlandskap (Geirangerfjorden og Nærøyfjorden) og Vegaøyane i Nordland, pluss industriarven Rjukan-Notodden.

– Noreg har rik verdsarv som det er viktig å ta vare på. Tilskota vi no gir skal bidra til å ta vare på dei unike områda. I år aukar vi støtta med 10 millionar kroner, og dette går til å ta betre vare på Rjukan-Notodden industriarv, som er eit viktig historisk industriminne både i nasjonal og internasjonal samanheng, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding frå Riksantikvaren.

Riksantikvar Hanna Geiran minner om at verdsarvlista er den mest prestisjefylte lista i verda, og at det forpliktar til å tenkje langsiktig.

Nye Tinfos I med Sagafossdammen og koplingsanlegg på Notodden.

– Det er eit prinsipp i fordelinga vår å gi dei norske områda føreseieleg støtte. Vi er alle verdsarvingar, seier ho.

Geirangerfjorden får i år fire millionar kroner, Nærøyfjorden får 4,8 millionar, medan Røros bergstad og Circumferensen får 12 millionar, Rjukan-Notodden industriarv 17,7 millionar, Bryggen i Bergen 15 millionar og Urnes stavkyrkje får 1,85 millionar kroner. (©NPK)

Powered by Labrador CMS