76 prosent av nordmenn les dagleg minst éi avis.

Vekst i det digitale lesartalet til lokalavisene

Det digitale lesartalet til lokalavisene auka med 7,6 prosent i 2025. Storbyavisene såg ein nedgang på 5 prosent, medan riksavisene gjekk ned 1,5 prosent.

Publisert

– Lokalavisene er ein viktig del av folks kvardag. Veksten i dei digitale lesartala viser at lokalavisene lykkast med å vera relevante, og det viser betydninga av å ha vitale redaksjonar over heile landet, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i Mediebedriftenes Landsforening i ei pressemelding

Dei digitale lesartala til lokalavisene auka med 7,6 prosent i fjor.

På tvers av papir og digitalt, går dei 176 avishusa Mediebedriftene har målt tilbake 1,9 prosent frå 2024 til 2025. 23 prosent les dagleg papiraviser, medan 7 av 10 les minst ei nettavis kvar dag. 3 av 4 nordmenn strøymer video, medan 22 prosent lyttar til podkast. (©NPK)

Powered by Labrador CMS