Talet på sauer i Noreg har gått ned med 20 prosent sidan 2017. No fryktar bransjen at det kan bli mangel på norsk ull.

Større interesse for norsk ull – men færre sauar

Norsk ull blir stadig meir populær, både i Noreg og utlandet. Samtidig har talet på sauer gått ned med 20 prosent sidan 2017. No fryktar bransjen at det kan bli mangel på norsk ull.

Publisert

I Viksdalen i Sunnfjord har talet på sauer på beite gått frå 7000–8000 rundt tusenårsskiftet til under 3000 i dag.

Saueklippar Erlend Fossen meiner økonomien er ein viktig grunn til nedgangen.

– Det handlar om økonomien, tenkjer eg. At du bind deg opp når du driv med matproduksjon og dyrehald, seier han til NRK.

Samtidig har salet av varer laga av norsk ull auka med 25 prosent i år hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk utanfor Bergen. Fabrikken merkar særleg stor interesse for strikkegarn frå utlandet.

Dagleg leiar Øyvind Myhr fryktar at fabrikken må kjøpe ull frå andre land dersom den norske produksjonen blir for liten.

– Det er noko vi ikkje ønskjer. Då går vi vekk frå dette med kortreist, berekraftig produksjon, seier han.

Både Myhr og Norsk Sau og Geit meiner bøndene må få betre betalt for å sikra framtida til norsk ull.

– Bonden må få betalt for både matproduksjonen, beitebruken og den verdifulle råvara som ulla er, seier dagleg leiar Borghild Hillestad. (©NPK)

Powered by Labrador CMS