- Raudt Sogn og Fjordane meiner at både KS (Kommunenes Sentralforbund) og kommunane enkeltvis må reagere sterkare enn før mot regjeringa si sveltefôring av kommunane og tenestetilbod, skriv Gunn Margit Olsen i dette innlegget.

Statsbudsjettet treng radikal utbetring!

Budsjettet handlar langt frå om berre drivstoffprisar og Norges-pris på straum. Både kommunale tenester/tilbod og offentlege ytingar vil merke manglande nivå på løyvingar i Ap sitt statsbudsjett-forslag. Det kjem til å ramme både innbyggarar i alle aldrar «frå vogge til grav»; både barn, ungdomar, vaksne og eldre. Også kommunale arbeidstakarar vil merke det.

Dette vil skje trass i at statsbudsjett-forslaget legg opp til det dei kallar ein realvekst. Men etter at auka utgifter som følgjer av demografiske endringar er dekka, er det lite igjen.

Frå regjeringa si side blir skrive om ein såkalla realvekst på 4,9 %. I Sogn og Fjordane ligg 14 av kommunane i Sogn og Fjordane under dette gjennomsnittet – berre 4 ligg over. Den typiske «veksten» her hjå oss er på 4,2 %.

Forskjellen mellom by og land er også alvorleg; Oslo får ein vekst på 5,3 %. Kommunane i Vestland får ein vekst på berre 4,6 %. Samtidig har Oslo ein eigedomsskatt som gjer at dei fleste slepp å betale, medan mange landkommunar har måtte ty til å skattlegge innbyggarar for at dei har tak over hovudet.

Regjeringa sitt forslag vil ramme kommunane generelt, men distriktskommunane spesielt, noko som vil auke sentralisering til bykommunar og internt i landkommunane.

Raudt Sogn og Fjordane meiner at både KS (Kommunenes Sentralforbund) og kommunane enkeltvis må reagere sterkare enn før mot regjeringa si sveltefôring av kommunane og tenestetilbod.

Dette er berre ei av dei sidene ved statsbudsjett-forslag som gjer at ikkje berre Raudt reagerer. Vi håpar fagforeiningane reagerer slik f. eks. Fagforbundet gjer når tenestene frå Posten blir redusert og opp til 2000 menneske kan bli gjort arbeidsledige. Og: Vi forventar at KS (Kommunenes Sentralforbund) reagerer skarpt. LO har sagt frå mot den urettferdige fordelinga av skattelette, ved at dei med høgast lønn får den høgaste skatteletta. Stoltenberg sin føreslegne skattetabell aukar klasseforskjellane, som er store nok som dei er, mellom det arbeidande fleirtalet som skal leve av lønna si og dei søkkrike som lever høgt på kapitalinntekter og aksjeutbyte.

For å styrke vanlege folk sin økonomi, meiner Raudt Sogn og Fjordane at momsen på mat i butikk må heilt bort. Den er i dag på 15 %, og fjerning av dette pristillegget, vil bety mest for vanlege folk fordi dei brukar ein mykje større del av inntekta si på mat enn rikfolk.

Vi meiner at Norgespris på straum framleis skal vere 40 øre per kilowattime slik den har vore i 2026. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet at Norgesprisen blir auka til 45 øre per kWh; dvs. 56,25 øre med moms. Raudt Sogn og Fjordane meiner at sjølv noverande 40 øre, er for høgt når prisen for å produsere ligg under 20 øre per kWh; i snitt visstnok rundt 15 øre. Også lønene til sjefane i kraftselskapa, viser at her er det mykje å gå på.

Raudt Sogn og Fjordane meiner også at avgiftene på drivstoff må bort – i det minste reduserast kraftig. Dei høge drivstoffprisane rammar sterkast i landkommunane og endå sterkare i dei tettstadfjerne delane av desse kommunane. Prisforskjellane på drivstoff i landet, må også kunne regulerast bort i eit oljerikt land som Noreg. Kva med ein Norgespris på drivstoff?

Raudt Sogn og Fjordane har sendt inn desse synspunkta, og fleire enn det, til stortingsgruppa vår.

Gunn Margit Olsen, fungerande leiar i Raudt Sogn og Fjordane

     

Powered by Labrador CMS