AUF held fast ved EU-nei
Eit klart fleirtal på AUFs landsmøte gjekk imot eit forslag om å endre neiet ungdomspartiet hadde til EU og støtte norsk medlemskap i unionen.
Før landsmøtet i helga tok 5 av dei 14 medlemmane i sentralstyret dissens mot EU-motstanden og kom med eit forslag om å skifte standpunkt, skriv Klassekampen.
Forslaget var at Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) skulle «stille seg positive til norsk EU-medlemskap», med eit tillegg om å leggje til grunn at Noreg skal behalde kontroll over eigen valuta, sentralbank og tilstrekkeleg nasjonal kontroll over energipolitikk og fiskeriressursar.
Dei fem EU-vennlege sentralstyremedlemmane fekk likevel ikkje landsmøtet med seg. Forslaget vart blankt avvist.
«Det var eit tydeleg fleirtal (imot, journ anm.), så vi nytta ikkje tellekorpset», skriv pressekontakt Oda Medhus i AUF på ein SMS til Klassekampen.
Landsmøtet tok heller inn uttalen «Nei til EU – Ja til EØS» i det internasjonale programmet.
Ungdomspartiet har vore aktivt på neisida i begge folkerøystingane om norsk EU-medlemskap. (©NPK)