Nordmenn kjøper stadig færre plastposar
Nordmenn kjøper no 45,5 plastposar per person i året, det lågaste talet som er registrert. Handelens Miljøfond håpar at endå fleire vil droppa plastposen når Posefri dag blir arrangert laurdag 17. oktober.
Bruken av plastposar held fram med å gå ned. I 2016 kjøpte nordmenn 887 millionar posar, medan talet i fjor var redusert til 320 millionar.
– Fleire tek no med seg handlenett når dei handlar, og det merkar vi på tala, seier Cecilie Lind, dagleg leiar i Handelens Miljøfond.
Målet med Posefri dag er å redusera bruken med éin million posar på éin dag. Fondet oppmodar folk til å ta med handlenett, sekk eller bruka ein pose dei allereie har.
Ein plastpose kostar no rundt sju kroner i dei fleste daglegvarebutikkar. Fire kroner går til Handelens Miljøfond frå kvar pose som blir seld av medlemsbutikkane. Pengane blir brukte til miljøtiltak.
I 42 byar skal handballungdom dela ut gratis handlenett utanfor butikkar og kjøpesenter på laurdag. Samstundes får handballklubbane 500 kroner for kvar ungdom som deltek på dugnaden. (©NPK)