– Lokalavisene er svært viktige for demokratiet vårt
– Lokalavisene er svært viktige for demokratiet vårt. Dei sørgjer for opplyste samtalar og diskusjonar om saker som angår folk der dei bur.
Det sa stortingspresident Masud Gharahkhani då han var med på opninga av «Lokalavisveka» måndag. Markeringa av kva lokalavisene har å seie for ytringsfridom og lokal debatt var i historiske omgjevnader; i «Rikssalen» i Eidsvollsbygningen. Det var her ytringsfridomen blei grunnlovsfesta i mai 1814.
Det er Landslaget for lokalaviser (LLA) som står bak lokalavisveka.
Sikkerheit og beredskap
På Eidsvoll uttala stortingspresidenten at «ein sakleg og faktabasert debatt er det som driv oss som demokrati framover. Vi set pris på kunnskap. Det er viktigere enn nokon gong i ei tid der demokratiske prinsipp er under press.»
– Media si rolle i demokratiet handlar også om sikkerheit og beredskap. Lokale medium har ei viktig rolle som formidlar av kritisk viktig informasjon, og som ein sjølvstendig undersøkande og kildekritisk aktør, sa Masud Gharahkhani.
Styreleiar i Landslaget for lokalaviser, Lillian Holden, overrekte stortingspresidenten ei bodstikke med grunnlova sin paragraf 100 inni. Her heiter det blant anna at «Ytringsfrihet bør finne sted» og «det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale.»
I samband med overrekkinga av bodstikka, sa Holden at ho er eit symbol på lokalavisene sitt samfunnsoppdrag; å få fram viktige bodskapar til folk i hus og heim Noreg rundt. Folk lever sitt liv lokalt – og det er lokalavisene som dekkjer nyhende, politikk, kulturliv og kvardagsliv der folk bur.
På lokalavisene si markering på Eidsvoll deltok lokalavisredaktørar og bransjefolk – og 25 elevar frå Eidsvoll videregående skole. Stortingspresidenten var opptatt av at nettopp ungdomane engasjerer seg i debatten og lokalsamfunnet.
Etter opninga i den historiske «Rikssalen», var det omvisning og debatt i demokratisenteret Wergelands Hus – leia av LLA sin generalsekretær Tomas Bruvik. Wergelands Hus er en del av Eidsvoll 1814, med utstillingar, arrangement og øvrige aktivitetar for å løfte fram folkestyre og demokrati.
Landslaget for lokalaviser er 50 år i år. Lokalavisveka er ein del av jubileumsaktivitetane for å vise fram lokalavisene si rolle for lokaldemokratiet, ytringfridom og levande lokalsamfunn.
Firda Tidend er ein av 125 medlemsaviser i LLA.