Som ordførar kjenner eg på ein stor frustrasjon i dag!
Norges Bank har no heva styringsrenta med 0,25 prosentpoeng, og signaliserer samstundes at det kan kome ei ny heving alt i junimøtet. For mange kan det høyrest lite ut. Men for familiar, kommunar og lokalsamfunn får slike renteaukar store og heilt konkrete konsekvensar.
For ein vanleg familie med bustadlån betyr renteauken fleire tusen kroner meir i året. Har du eit lån på 4 millionar kroner, vil ei samla renteheving på 0,5 prosentpoeng kunne bety rundt 12.000 kroner meir i årlege renteutgifter. For mange kjem dette på toppen av høgare matprisar, straumutgifter, forsikringar og kommunale avgifter.
Samtidig får kommunane den same rekninga.
I Gloppen kommune er lånegjelda no på om lag 820 millionar kroner. Det tilsvarar rundt 101 prosent av brutto driftsinntekter, og økonomiplanen viser at gjeldsgraden vil auke vidare dei komande åra.
Ein del av låneporteføljen er sikra med fastrente, noko som dempar effekten på kort sikt. Men mellom 45 og 75 prosent av låna vil til kvar tid vere eksponert for marknadsrente. Det betyr at rentehevingane slår direkte inn i kommunen sine driftsutgifter.
Berre dagens renteheving på 0,25 prosentpoeng vil kunne gi Gloppen kommune mellom 900.000 og 1,5 millionar kroner meir i årlege renteutgifter. Dersom det også kjem ei ny renteheving i juni, slik Norges Bank no varslar, kan samla auke bli mellom 1,8 og 3 millionar kroner årleg.
Det er pengar som må hentast ein plass frå.
I ein kommune er det ikkje eigarar eller aksjonærar som tek belastninga. Det er innbyggjarane – enten gjennom:
- kutt i tenester
- utsette investeringar
- mindre handlingsrom
- eller høgare avgifter og gebyr
Og nettopp kommunale avgifter vil mange merke framover.
Vatn, avløp og renovasjon er såkalla sjølvkostområde. Det betyr at innbyggjarane fullt ut må betale kostnadane kommunen har med å levere tenestene. Når renta stig, stig også kapitalkostnadene på VA-anlegg, leidningsnett og annan infrastruktur. Resultatet er høgare gebyr.
Det paradoksale er at mange no opplever ei dobbel belastning:
- først som privatperson med dyrare bustadlån
- deretter som innbyggjar gjennom høgare kommunale avgifter
For distriktskommunar som Gloppen er dette ekstra krevjande. Vi har store investeringsbehov, spreidd busetnad og aukande press innan helse og omsorg. Samstundes er handlingsrommet mindre enn i vekstkommunar rundt dei største byane.
Derfor må vi tørre å diskutere rente- og pengepolitikken.
Det betyr ikkje at inflasjon ikkje skal bekjempast, og at Norges Bank ikkje skal vere uavhengig av varierande politisk oppfatning. Spørsmålet er korleis politikken skal løyse dei uheldige konsekvensane av auka rente – skal renta ha hovudansvaret - uavhengig av konsekvensane for folk flest, kommunar og investeringsevne?
Når renta blir brukt som hovudverkemiddel, er det vanlege familiar med lån og kommunar med investeringsbehov som tek den største belastninga. Dei som eig store verdiar utan gjeld, eller som tener pengar på høg rente, kjem ofte langt betre ut. Rente- og finanspolitikken er rett og slett fordelingspolitikk!
Det er ein diskusjon vi som samfunn må ta på alvor.
For konsekvensane av rentehevingar handlar ikkje berre om økonomiske teoriar. Dei handlar om kvardagen til folk – og om kva slags lokalsamfunn vi skal ha råd til å utvikle framover.
Arnar Kvernevik (Ap),
ordførar Gloppen