Svar til Kjell Oldeide
Innlegget frå Kjell Oldeide byggjer på ein farleg premiss: at Noreg skal stå tryggare åleine enn saman med våre næraste allierte. Det er rett og slett feil. NATO er ikkje ein angrepsallianse, men eit forsvarssamarbeid som har sikra fred og stabilitet i Europa sidan 1949. For eit lite land som Noreg er det heilt avgjerande å vere del av ein allianse der vi har tryggleiksgarantiar frå sterke demokrati.
Endå meir urealistisk blir det når ein ser på utviklinga rundt oss: Sverige og Finland har nyleg valt å bli med i NATO nettopp fordi dei ønskjer meir tryggleik gjennom alliansen. Kva får ein til å tru at land som nettopp har kjempa seg inn i NATO, plutseleg skal melde seg ut for å bli med i eit lite, usikkert nordisk alternativ?
Samtidig er det viktig å rydde opp i ei sentral misforståing. Oldeide brukar USA sin utanrikspolitikk som argument for å stemple NATO som ein angrepsallianse. Men USA er berre eitt medlemsland i NATO, dei er ikkje NATO. NATO er ein forsvarsallianse der kjernen er at medlemslanda skal stille opp for kvarandre dersom eit medlemsland blir angripe. Det betyr ikkje at Noreg automatisk må støtte alle konfliktar USA er involvert i. Alliansen handlar om kollektivt forsvar, ikkje om å vere med på einskilde land sine offensive operasjonar.
I tillegg blir det misvisande å framstille det som om éin president kan «melde USA ut av NATO» over natta. I USA krev det ⅔ fleirtal i USAs senat for å godkjenne slike avgjerder. Det er altså ikkje noko ein president kan gjere åleine. Å bruke dette som eit argument for å svekke norsk NATO-medlemskap blir difor lite truverdig.
FpU meiner at Noreg må styrke, ikkje svekke, forholdet til NATO. I ei tid med krig i Europa og aukande uro internasjonalt, er det viktigare enn på lenge å stå saman med våre allierte. Samtidig meiner vi at Noreg må ta større ansvar for eigen tryggleik gjennom eit sterkare nasjonalt forsvar og oppfylling av NATO sine mål for forsvarsinvesteringar.
Når det gjeld EU er vi i FpU enige med Raudt at Noreg ikkje bør bli medlem av EU.
Å melde Noreg ut av NATO vil ikkje gjere oss meir sjølvstendige, det vil gjere oss meir isolerte og sårbare. FpU meiner tvert imot at framtida ligg i tett samarbeid med land vi deler verdiar med. Noreg står sterkast saman med andre, ikkje åleine.
Odd Andre Olsen,
1. nestleiar i Vestland FpU og leiar i Sogn og Fjordane FpU