Kjell Oldeide er leiar i Raudt Sogn og Fjordane.

Kva med NATO? Og: Er EU alternativet?

Norge blei NATO-medlem i 1949 – Gerhardsen og Ap var ei drivkraft. Men det skjedde trass i sterk motstand også i Ap – ikkje berre frå kommunistane. Ein av dei sterkaste talspersonane innad i Ap, var stortingsrepresentanten Olav Oksvik. På Ap-landsmøtet åtvara han, i følgje Wikipedia, «mot sterk avhengighet av USA og at Norge kunne bli stående alene ved et systemskifte i USA. Det er ikke gitt valgene i USA i fremtiden vil bli som i 1948, uttalte han.»

Når ein høyrer og ser på Trump, kan ein kanskje seie at det har skjedd eit systemskifte i USA. La gå med det, men vi ser heller ikkje at nokon av dei gjenlevande presidentane har teke særleg avstand frå Trump sine utanlandske herjingar anten det er i Venezuela eller mot Iran.

Herjingane i år er «berre» ei forverring av at NATO har endra seg frå å vere ein «forsvarsallianse» til ei «out of area»-målsetting. Det vil seie at NATO skal bli ein del USAs «politirolle» jorda rundt – noko dei europeiske NATO-landa i liten grad har våga å ta avstand frå, men heller delvis delteke i.

Trump trugar med å ta USA ut av NATO dersom europeiske land ikkje aukar militærløyvingane sine drastisk. Det har landa gjort trass i NATO si endra rolle. Og det gjer det trass i at våpenkappløpet tydeleg går ut over offentlege tenester og inkl. kommuneøkonomien.

Raudt er mot norsk NATO-medlemskap og skal arbeide for at Stortinget lausriv oss frå den USA-styrte angrepsalliansen. Medlemsskapen gjer oss ekstra utrygge når det no blir etablert utanlandske basar som i aller verste fall til og med kan bli «utrusta» med atomvåpen.

Vi ville heller at Stortinget skal satse på ein nordisk forsvarsallianse og har då som grunnlag at det etter kvart også i nordiske land kan bli ein sterk NATO-motstand i nasjonalforsamlingane.

Nokre norske EU-tilhengjarar prøver no å utnytte Trump-truslane som argument for norsk EU-medlemsskap. Dette må ikkje bli aktuelt både fordi norsk folkefleirtal sa nei til medlemsskap både i 1972 og 1994, men også fordi EU er ikkje nokon forsvarsallianse.

EU er handelsorganisasjon som bygger alt sitt på at alt (kapital, varer, tenester og arbeidskraft) skal flyte fritt utan dei reguleringane som er nødvendige for å ta vare på etterkrigstida sine velferdsstat-ordningar. Vi ser korleis ettergjeving for EUs felles energipolitikk har ramma både vanlege folk og arbeidsplassar. EU har derimot ingen felles forsvarspolitikk - forsvar og militærvesen er fullt og heilt nasjonalstatane sitt eige ansvar. EU er også sterkt splitta innan sikkerheitspolitikken fordi unionen har så og seie ingen felles utanrikspolitikk.

Det er spesielt når vi har eit forsvar på USA sine premissar med USA-kontrollerte basar, som til og med kan komme til å inkludere atomvåpen, at Russland vil føle seg trua oss.

Norge står seg best utanfor både NATO og EU.

Kjell Oldeide, 

leiar Raudt Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS