Skjermdump Yr.no.

Utvidar farevarselet om snø – kan komme opptil 15 centimeter

Meteorologane har utvida det gule varselet i delar av Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Dei varslar mellom 3 og 15 centimeter snø i løpet av 24 timar.

Publisert Sist oppdatert

Også i delar av Vestland og på fjellovergangar i Sør-Noreg er det venta snø. For Vestland gjeld varselet frå onsdag klokka 2 på natta til klokka 14, med tilsvarande snømengder. I Midt-Noreg og Møre og Romsdal varer det til 12.

– Snøen kan leggje seg i korte periodar. Somme område vil oppleve mindre eller ingen snø, heiter det i varselet.

På fjellovergangane minkar faren frå seint tysdag kveld.

I låglandet kan nedbøren tidvis komme som sludd eller regn. Reisande blir åtvara om vanskelege køyreforhold og blir oppmoda til å berekne ekstra reisetid.

– Bruk rette dekk og køyr etter forholda. Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk, lyder rådet.

Det kan også bli forseinkingar i flytrafikken og offentleg transport. (©NTB)

Powered by Labrador CMS