Noregs Bank: Det kan kome endå ei renteheving i år
Krigen i Midtausten skaper framleis stor uvisse for økonomien. Det kan kome endå ei renteheving i år, ifølgje Noregs Banks prognose.
– I renteprognosen vi la fram i mars, opna vi for at det kunne bli behov for å setje renta vidare opp seinare i år. Renteutsiktene synest ikkje å vere vesentleg endra sidan mars, men krigen i Midtausten skaper framleis stor uvisse om dei økonomiske utsiktene, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.
Torsdag vart det klart at styringsrenta blir sett opp 0,25 prosentpoeng til 4,25 prosent.
Renteutsiktene er ikkje vesentleg endra sidan mars, meiner Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Det er dei som vedtek nivået på styringsrenta.
– Prisveksten er for høg, og det er utsikter til at han held seg oppe framover. Høg prisvekst over tid kan føre til at bedrifter og hushald byrjar å planleggje for at prisveksten held seg høg. Då kan prisveksten bli vanskelegare å få ned igjen. Komiteen meiner det trengst ei høgare rente for å få prisveksten tilbake til målet innan rimeleg tid, heiter det.
I mars vart det anslått at renta kom til å vere på 4,25 til 4,5 prosent ved utgangen av året. Denne prognosen held framleis stand.
– Dersom økonomien utviklar seg annleis enn vi no ser for oss, kan også renteutviklinga bli ein annan enn prognosen i førre rapport skulle tilseie, blir det understreka.
I juni kjem sentralbanken med ny pengepolitisk rapport med oppdatert rentebane og vurdering av utsiktene for norsk økonomi.
Noregs Bank publiserer pengepolitisk rapport med oppdatert rentebane fire gonger i året.