Kvinner og politikk – korleis tek vi imot unge kvinner i politikken?
Gir vi unge kvinner ein fair sjanse til å bidra med sine synspunkt, på akkurat same premissar som dei eldre mannfolka eller som oss godt vaksne kvinnene som har levd ei stund?
Lyttar vi oppriktig til argumenta deira, og trur vi verkeleg at dei har noko å bidra med? Involverer vi dei i politiske prossessar? Eller tenkjer vi at «jaja, ho lærer vel etterkvart». Mange unge kvinner opplever at når dei seier noko, blir det verken følgd opp eller kommentert. I verste fall litt hovudristing, eller blikk som vik, eller litt overberande smil.
Lar vi vere å slenge kommentarar med undertonar om kjønn og kjønnsroller – anten i pausen under møtet, eller på konferansen - litt utpå kvelden – heilt uskuldig? Og berre sånn på spøk?
Jenter blir herda – frå barneskule – via ungdomsskule og vidare, til å tole det som eigentleg er trakassering og hets, og eigentleg ganske alvorleg, sjølv om det berre følest som ein «morosam spøk» for avsendar. Kvifor skal jenter tole dette?
Og ifølgje ei undersøking gjort av Amnesty Norge, har to av tre kvinnelege folkevalde opplevd netthets. Viss vi aksepterer at kvinnelege politikarar må betale ein høgare pris for å delta – kva slags samfunn skapar vi då?
I politikken - når ein er 18 eller 20 år kan «artige kommentarar» eller ignorerande oppførsel etter kvart bli ganske overveldande å takle, og føre til ei avmakt som gjer det lite freistande å halde fram som politikar.
Dei sterkaste jentene bit det gjerne i seg, lar handlinga og orda tale for seg sjøl – og lar ansvaret kvile på den som trakasserer eller kommenterer eller ignorerer. Men ikkje alle ønskjer å leve med dette, dei melder seg ut, og følgjene blir at den unge kvinna ikkje tar på seg fleire verv – verken i lokalpolitikken eller elles..
Ei slik utvikling uroar meg.
FORDI:
Vi treng at fleire unge engasjerer seg i lokalpolitikken, og vi treng spesielt fleire kvinner, også kvinner som er småbarnsforeldre. Eit godt lokalsamfunn krev eit mangfald i kommunestyret, i formannskapet og i utvala.
Vi treng rausheit, takhøgde og frie, gode, nye krefter som ser problemstillingane med unge auge og har andre innfallsvinklar. Og vi må vise respekt for kvarandre!
Det skal snart stillast lister i alle kommunane.i Vestland – og eg ber dokke - ta med ungdommen – ta med unge kvinner! Ikkje som eit ungdoms-alibi, men som reelle kandidatar som kan vere med og utvikle lokalsamfunna våre! Gi dei ansvar og utfordringar og involver dei i den politiske debatten og i dei politiske prosessane! Ta dei på alvor!
Vi må setje pris på og ta vare på ungdom og spesielt unge kvinner som tør å vere med i politikken!
Janne Elin Alsaker,
leiar i Vestland Venstrekvinnelag