Småbrukarlaget provosert: Inntektsgapet blir ikkje tetta innan 2027
Stortinget har bestemt at inntektsgapet mellom bønder og andre skal tettast. Ikkje med tilbodet frå staten i jordbruksoppgjeret, meiner Småbrukarlaget.
– Tilbodet frå staten legg ikkje opp til at bonden jamnstilles neste år, seier leiar Tor Jacob Solberg i Norsk bonde- og småbrukarlag i ei pressemelding.
Tilbodet legg opp til auka inntektsmoglegheiter per årsverk på 72.947 kroner. Det svarer ifølgje Småbrukarlaget til ein inntektsvekst på 1,34 prosent. For samanlikningsgruppa er det forventa ein lønnsvekst på 3,9 prosent.
– Det er viktig og avgjerande for norske bønder at vi får til ein avtale i år som sikrar jamstilling, i tråd med regjeringa si eiga målsetjing om tetting av gap innan 2027. Slik vi ser tilbodet frå staten, er det framleis bonden som tek ein for stor risiko med omsyn til framtida, seier Solberg. (©NPK)