Jaroslav Hotsuliak (t.v.) og Marius Gade Østerbye frå Gloppen ungdomsråd leia møtet i kommunestyresalen.

Stor interesse for UNGjobb-prosjektet

Over 40 ungdomar deltok på informasjonsmøtet om UNGjobb-prosjektet i kommunestyresalen onsdag 29. april.

UNGjobb er eit prosjekt som Gloppen ungdomsråd (GUR) har tatt initiativ til fordi dei ønskjer at fleire ungdomar, også ungdomsskuleelevar, skal få prøve seg i jobb. 

Onsdag 29. april vart det skipa til eit informasjonsmøte om UNGjobb på Gloppen heradshus, og det vart leia av Jaroslav Hotsuliak og Marius Gade Østerbye frå ungdomsrådet. 

UNGjobb-tavle på heradshuset

Ungdomane og foreldra som møtte opp fekk nyttig informasjon og høve til å stille spørsmål. Veronica Hauge, ein erfaren arbeidsgjevar for ungdomsskuleelevar, gav tips om både jobbsøknad og korleis ein kan vere ein god arbeidstakar. Kari Songdal og Inge Kjell Lindvik frå Landbrukstenester Nordfjord fortalte om det å jobbe som avløysar. 

Det er laga til ei UNGjobb-tavle i servicetorget, til bruk for både dei ungdomane som ønskjer seg jobb og dei som har behov for arbeidskraft. Mange av ungdomane som var til stades på møtet nytta høvet til å henge opp ein lapp på denne tavla. 

Ungdomsrådet håper at denne tavla blir flittig brukt og at mange ungdomar får seg jobb.

– Mange skal ordne i hagen no om våren, og treng kanskje eit par ekstra hender? Eller kanskje nokon treng hjelp med husvask, måling eller andre prosjekt? Då bør ein ta seg ein tur og sjå på tavla. Arbeidsgjevarar kan òg henge opp sin eigen lapp om kva slags arbeid dei kan tilby og sjå om nokon tar kontakt med dei, fortel Åslaug Haugset, som er sekretær for ungdomsrådet.

Usikre på reglane 

Ein bøyg mot å leige inn ungdom til småjobbar i hus og heim, er at mange er usikre på skattereglar og lønn. Her viser ungdomsrådet til at: 

* Lønn avtalast mellom arbeidgivar og ungdomen. Det er ikkje lovfesta minstelønn for ungdomsskuleelevar, men bærplukking og avløysararbeid har gjerne ei begynnarlønn på 150-160 kroner timen for ungdom under 18 år.

* Ein kan tene inntil 6000 kroner i året på små jobbar i private heimar utan å betale skatt eller rapportere noko.

* Om ein tenar meir enn 6000 kr, må ungdomen nytte frikortet sitt. Arbeidsgivaren melde det på "forenklet a-melding", men treng ikkje betale arbeidsgivaravgift. Meir info finn ein på skatteetaten si nettside.

Powered by Labrador CMS