Høgre vil sikre laurdagsavisa
Mange tusen nordmenn har som rutine å kunne hente ei fersk avis kvar laurdags morgon. Om regjeringa får det som den vil, er det slutt på dette for svært mange frå sommaren. Dei føreslår nemleg å legge ned omberinga av laurdagsaviser i store delar av landet frå 1. juli. Høgre vil halde fram med ordninga.
Samferdselsdepartementet reknar med at om lag 40 prosent av befolkninga bur på adresser utan kommersielle avisbod, særleg gjeld dette utanfor dei store byane. Desse abonnentane vil ikkje lenger få avisa på laurdagar, sjølv om dei betaler for henne.
58 aviser kjem framleis ut på laurdagar, og for mange av dei er laurdagen svært viktig for avisøkonomien. Redaktørstyrt presse er under press frå teknologiselskap og sosiale medium. Då er det ein dårleg idé å svekke avisene endå meir. Regjeringa seier at ho vil styrke redaktørstyrte medium, men gjer det samtidig vanskelegare for avisene å nå lesarane sine.
Lesarane set også pris på avisa. Mange nordmenn tuslar framleis ut i tøflane laurdag etter laurdag for å hente avisa si. Så lenge så mange framleis ønskjer papiravis på laurdagar bør omberinga halde fram.
Difor set Høgre i det alternative statsbudsjettet vårt av pengar til å vidareføre laurdagsomberinga i heile landet. Folk over heile landet bør kunne få ferske aviser på laurdagar også i åra som kjem.
Anne Kristine Linnestad,
stortingsrepresentant for Høgre