Rekordmange les nyheiter på mobilen
Norske nyheitsnettstader opplevde tilbakegang i tredje kvartal. Men rekordmange las nyheitene sine på mobiltelefonen.
Det viser ferske tal frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) tysdag.
Samla sett gjekk dei norske nyheitsnettstadene tilbake med 2,7 prosent.
– Norske nyheitsmedium møter sterk konkurranse om merksemda. Den totale digitale dekninga går tilbake, men lokalavisene skil seg ut med vidare vekst, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL.
– Samtidig fell annonseinntektene til avisene med 8,6 prosent, medan annonsemarknaden samla veks med 6,7 prosent. Kombinasjonen av søkkande lesartal og nedgang i annonseinntekter er urovekkjande. Utviklinga understrekar behovet for gode rammevilkår som sikrar sterke redaktørstyrte medium, seier Øgrey.
Når det gjeld nyheitslesing på digitale plattformer, ser ein ein auke for mobiltelefonar: 78 prosent av dei digitale brukarane las nyheitene på mobilen, ein auke på 1 prosentpoeng frå førre kvartal og ny rekord.
13 prosent las dei på PC, medan 9 prosent las på nettbrett.
– Med ei samla dagleg digital dekning på 1.852.000 personar er VG den desidert største redaksjonelle nettstaden i Noreg, heiter det.
Deretter følgjer NRK med 1,34 millionar lesarar, TV 2 med 919.000 og Dagbladet med 789.000. (©NPK)