Vil ha høgare flyprisar for turistar
Etter vanskar for lokalfolk med å få plass på fly, tilrår forskarar høgare prisar i nord for turistar.
Etter at staten halverte maksprisane på regionale flyruter i 2024, har flytrafikken auka merkbart. På somme flygingar i nord har det vorte vanskeleg for dei lokale å få plass i det heile.
I ein ny rapport føreslår no forskarar frå Transportøkonomisk institutt (TØI) å auka maksprisane kraftig for tilreisande på flyrutene i Lofoten og Vesterålen.
- Når flya vert fylte opp, kan det gå ut over lokalbefolkninga som er avhengig av flytilbodet. Ved å auka maksimalprisane for tilreisande, samstundes som fastbuande vert skjerma frå prisauken, kan me frigjera plass til dei som bur i området, seier Viljar Hansen, forskar ved TØI i ei pressemelding.
I dag ligg maksprisen for tilreisande på 760 kroner. TØI føreslår ein auke til 2.280 kroner. For fastbuande vert prisen liggande kring dagens makspris.
- Våre berekningar viser at ein moderat prisauke neppe vil vera tilstrekkeleg til å sikra betre tilgjenge over tid. Ei tredobling av maksprisen vil kunna dempa etterspurnaden, seier Hansen.
TØI tilrår at ordninga vert innført i alle kommunane i Lofoten og Vesterålen, og i Lødingen og Kvæfjord, frå november 2028. (©NPK)