Berre 10 prosent fekk betre råd
(NPK-NTB): Ifølgje nye berekningar frå Tankesmien Agenda var det berre tidelen med høgast inntekt som fekk betre råd frå 2019 til 2024.
Familiane i gruppa med dei 10 prosent lågaste inntektene sat igjen med rundt 6300 kroner mindre i månaden i 2024 enn i 2019, viser Agendas reknestykke, ifølgje VG.
– Kostnadane ved å få eit heilt grunnleggjande liv til å gå rundt har auka mykje dei siste åra. Folk flest har rett og slett fått dårlegare råd. Og jo lågare inntekt du har, jo hardare har det treft deg, seier Morgan Alangeh i Agenda til avisa.
Berekningane er baserte på inntekt etter skatt, gjennomsnittlege buutgifter og Sifos referansebudsjett for naudsynte forbruksutgifter.
For 2024 har Agenda lagt til grunn at ein familie bur i ei leilegheit med buutgifter på 13.335 kroner i månaden.
Rapporten er tinga av LO Stat, medan Agenda er fagleg ansvarleg. Den blir lagd fram på LO Stats kartellkonferanse på Sundvolden tysdag.
LO-leiar Kine Asper Vistnes reagerer på funna.
– Det er ei av dei store sakene LO alltid har kjempa for, at vi skal ha lågast mogleg skilnader, seier ho til VG.
Statssekretær Ellen Reitan (Ap) svarer på vegner av regjeringa.
– Tala til regjeringa viser òg at det var nokre tøffe år for kvardagsøkonomien til folk like etter pandemien. Vi har gjennomført tiltak som skal gi folk betre råd som noregspris, billigare barnehagar og auka minstepensjon, skriv Reitan i ein e-post til VG. (©NPK)