Vil samle bygda rundt ei viktig sak
Bjarne Bergheim håpar å fylle Breim kyrkje når han saman med lokale krefter inviterer til julekonsert 24. november – til inntekt for Mental Helse Fjordane.
Konserten har fått namnet «Gloppen saman».
– Tanken er å samle bygda rundt ei viktig sak. Det er gratis inngang, men den frivillige kollekten går til Mental Helse Fjordane. Mental helse er noko alle har, og alle møter vi med- og motgang gjennom livet. Å setje søkjelys på dette gjennom musikk føler eg er viktig, seier Bjarne Bergheim.
– Utruleg moro
Med på laget har han fått med seg Breimskoret, Eivind Kandal, Torbjørn Gran, Ada Gloppestad Hjelle og Ragnhild Hope Birkeland, som har artistnamnet The Rose Shafer.
– Eg var litt spent på om det var nokon som hadde tid og lyst til å vere med på denne konserten, og det var utruleg moro å oppleve at alle sa ja så å seie på flekken, fortel han.
At aktørane kjem frå heile kommunen, tykkjer han er svært kjekt.
– Ada er den yngste som er med. Eg hadde lyst til å ha med meg nokon frå den yngre generasjonen også – ikkje berre vaksne – og Ada er svært glad i å synge, seier han.
Elskar julemusikk
Erlend Os stiller på som akkompagnatør.
– Nordfjordingen er kantor i Naustdal kyrkje, og er busett på Vassenden. Eg har samarbeidd mykje med han, og det er ein kar som er med på svært mange prosjekt rundt om, fortel Bergheim.
– Kva får publikum høyre denne kvelden?
– Det blir i hovudsak julemusikk. Eg håpar at dei frammøtte får ei triveleg stund i kyrkja, der dei kan setje seg ned, finne roa og forhåpentlegvis gå ut igjen med ei avslappa smil om munnen. Det er draumen, seier han, og legg til at han gleder seg som ein unge.
– Eg elskar julemusikk, og dette blir superkjekt. Sjølv skal eg framføre «Vi treng ikkje prate», som handlar om mental helse. Når ting er vanskeleg å snakke om, er det viktig berre å vere i lag. I tillegg skal eg synge «Bring him home» frå musikalen Les Misérables.
– Ei viktig sak for meg
Mental helse er ein norsk, landsomfattande interesse- og medlemsorganisasjon for menneske med psykiske helseutfordringar, pårørande og andre interesserte.
– Under konserten vil Gerd Bjørkedal frå Mental Helse Fjordane vere til stades og fortelje litt om arbeidet deira, seier Bjarne.
Organisasjonen jobbar for at alle menneske skal ha rett til eit meiningsfullt liv med oppleving av eigenverd og meistring.
– Mental helse har vore ei viktig sak for meg, og eg håpar at denne konserten kan føre til endå meir openheit rundt temaet, at folk skal få ei god oppleving og kjenne på eit positivt fellesskap, forklarer musikaren.
Ein stor lidenskap
Breimningen jobbar til dagleg som personleg trenar og SoMe-ansvarleg ved Puls Førde treningssenter.
– På fritida driv eg med musikk. Det er ein stor lidenskap, fortel han.
10. april sleppte han debutsingelen «Better Goodbye», den første låten på albumet «Calm Blue» som etter planen vil vere klart i løpet av neste år.
– Du har tidlegare fortalt at det var på Byrkjelo skule at interessa for musikk vart vekt?
– Det stemmer. Eg tykte det var fantastisk kjekt når vi samlast til felles songtimar på skulen. Gleda over songen og musikken blir større når ein er del av eit fellesskap, og eg håpar «Gloppen saman» vil ha same effekten, poengterer han.
Takkar for all støtte
Bergheim ønskjer at konserten i Breim kyrkje kan bli ein fin, årleg tradisjon.
– November er ein månad med stort fokus på mental helse, og det hadde vore fint om vi kunne avrunde denne månaden med ein julekonsert, påpeikar han.
Bjarne er spent på kor mange som kjem på konserten tysdag.
– Eg drøymer om at kyrkja blir fullsett – sjølv om det er litt uvanleg av ein breimning å seie noko slikt, smiler han.
Næringslivsaktørar har bidrege med sponsing, og 30-åringen takkar alle som har støtta initiativet.
– Eg har ikkje noko erfaring med å arrangere konsertar, og då er det utruleg fint å få god hjelp av Norsk Countrytreff og OnCue. Er det noko som kjenneteiknar glopparar, så er det at dei er svært hjelpsame og positive. Det er kjekt å kome frå ei så flott bygd, slår han fast.