Frå no er Lærdalstunnelen stengd halve døgnet i to år
Dei to neste åra blir Noregs lengste vegtunnel stengd for trafikk halve døgnet.
Tunnelen mellom Aurland og Lærdal er 26 år gammal og 24,5 kilometer lang. For å oppgradera han til dagens standard og gjera nødvendig vedlikehald blir han stengd frå klokka 18 til 6 kvar natt, skriv Statens vegvesen.
Unntaket er natt til søndag, då tunnelen er open natta gjennom. For lokalbefolkninga blir det sett opp buss frå begge sider klokka 17.30, 20.30 og 22.30. Utrykkingskøyretøy kjem også til å få sleppa gjennom så fort det er mogleg.
– Vi forstår at stengingane blir utfordrande for både lokaltrafikken og for dei som skal mellom Aust- og Vestlandet. Framover blir det viktig at folk bereknar god tid for å rekka fram til tunnelen før klokka 18. Kjem ein for seint, er neste sjanse til å køyra gjennom klokka 6 neste morgon, seier prosjektsjef Stig Magnus Berg-Thomassen i Vegvesenet.
Over 100 personar skal delta i arbeidet i tunnelen. Mellom anna skal det sprengast mykje. Nattestengingane blir kortare og kortare etter rundt halvtanna år, og oppgraderinga skal vera heilt ferdig hausten 2029. På dagtid blir det noko lysregulering og smalare køyrefelt.
Dersom Hardangervidda er stengd på grunn av uvêr om vinteren, kjem tunnelen likevel til å vera open for å sikra at det er mogleg å køyra mellom Aust- og Vestlandet. (©NPK)