Kunst og kultur utviklar samfunnet
‘’Hei Eirhild! Veit ikkje om du har høyrt det, men no er det er igjen snakk om at politikarane skal legge ned dramalinja på Firda’’.
‘’Hei! Eg tek nok ein gang kontakt då dramlinja på Firda no er føreslått lagt ned’’
‘’Hei! Kanskje du har fått med deg at dans/dramalinja igjen står i fare for å bli nedlagt’’
Hei politikarar i Vestland fylke! Dette er eit innlegg frå ei som har studert dramalinja på Firda vidaregåande skule. Sitata som innlegget starta med kjem frå meldingar frå dei gongane det er blitt føreslått å leggje ned dei kreative linjene på Firda vgs. Kvar gong får eg, saman med tidlegare elevar, førespurnad om å uttale oss om saka, og å skape engasjement for å bevare linjene. Kvar gong må vi ut å forsvare at kunst og kultur er fundamentalt viktig for samfunnet og ikkje minst for demokratiet.
Kunsten formidlar historia vår, kommenterar sanntida og dagsaktuelle tema. Strukturelle endringar i samfunnet skjer på grunn av kunsten. Det har vi sett sidan antikken Hellas der maktposisjonar vart utfordra frå teaterscena. Då kristendommen fekk makt i romerriket, var kyrkja kun for dei som kunne lese og skrive. På torget utanfor stod gjøglerar og omreisande og formidla til analfabetar om kva som faktisk føregjekk innanfor kyrkjeveggane. Det ga ‘’mannen på gata’’ moglegheita til å uttrykke seg. Eventyret du les i boka på sengekanten til barnet, eller barnebarnet ditt, kjem frå ein forfattar. Favorittlåta di har ein hardtarbeidande musikar komponert.
Men kva er det spesifikt dei kreative faga kan tilby ulike yrkesretningar? For det er ikkje slik at alle som studerar musikk, dans og drama nødvendigvis blir utøvande kunstnarar. Eg har fleire venner som har studert desse faga og som har enda opp med å jobbe med noko heilt anna. Ei venninne har brukt det aktivt i arbeidet sitt med barn og unge i vanskelegstilte situasjonar. Ho jobbar no i barnevernet. Sjølv har ho sagt at bakgrunnen frå drama var heilt avgjerande for å kome nærare ungdommane og ikkje minst for å sjølv ha ulike verktøy for å prosessere inntrykka den krevande jobben kan gje. Ei anna vart advokat og har erfart at drama og teater har ein direkte link inn i ein rettssak. Ein tidlegare elev, frå Firda si dramalinje, er høgt oppe i politikken og har fått eit godt fundament frå dramafaget som kanskje har gjort at ho står trygt og stødig i seg sjølv når ho uttalar seg politisk.
Dette er få av mange døme, og eg kunne ha fortsett. Men kva med oss som har blitt utøvande kunstnarar? Etter at eg sjølv gjekk dramalinja på Firda, tok eg utdanning i Oslo og vart skodespelar – seinare dramapedagog. Sidan det har eg jobba med formidling i museum med drama som metode, og jobba frilans med film og teater – både som skodespelar, produsent og idéutviklar. Eg har også turnert rundt i heile landet med Den kulturelle skulesekken (DKS) og formidla kunst og kultur til ungdommar som kan bruke det aktivt inn i skulekvardagen i heilt «vanlege» fag. For ein kan jobbe meir kreativt i klasserommet enn å skrive rapportar i naturfag, eller stilar i norsk. Etter å ha besøkt rundt 95 vidaregåande skular i heile Noreg, har eg erfart at ungdommane får eit verktøy som i langt større grad skapar engasjement, glede og djupnelæring.
Poenget mitt er ikkje å leggje inn ein CV, men å vise kva erfaring frå dramafaget kan tilby yrkeslivet. Det er ikkje slik at det kun kan brukast på teaterscena og i film, kompetansen kan brukast i dei fleste yrker.
Eg visste allereie i barneskulen at eg skulle jobbe med teater og kultur. Men dramalinja på Firda vgs. viste meg kva realiteten var. Vi jobba beinhardt opp mot produksjonar, snekra scenografi, rigga lys til seint på kveld og vi dedikerte oss til karakterane. Vi lærte disiplin, og vi elska det! Så mykje at vi til og med ei natt enda opp med å overnatte i dramasalen til neste prøvedag. (Ikkje sei det til stengevakta på skulen).
I eit av prosjekta fekk vi besøk av Frank Kjosås, skodespelar og regissør, som du heilt sikkert har sett i fleire store norske og internasjonale produksjonar. Frå han, og læraren vår Andreas Altermark, fekk vi eit direkte møte med bransjen i Oslo og brått vart alt mogleg. Vi forstod kva for moglegheiter som låg i yrket, og at også vi kunne bli skodespelarar og jobbe med kunst og kultur. Det eg hugsar best frå den produksjonen, var at han fortalde oss sjenerøs bransjen eigentleg er. At om vi skulle på audition eller opptaksprøve til teaterskular, så var det berre å sende ei melding til ein skodespelar vi såg opp til, og høyre om han eller ho kunne hjelpe oss med monologarbeidet. Vi skulle jo tross alt bli kollegaer i framtida! Og det vart vi. Mange frå mi tid på Firda har blitt mine kollegaer, og eg har fått jobbe med skodespelarar eg har sett opp til.
Så kjære politikar. Dette er mitt vesle forsøk på å ta vare på dei framtidige kulturkollegaene eg kan få frå Firda. Det er også mitt vesle forsøk på å ta vare på nettopp din framtidige politikerkollega, som kanskje får moglegheita til å studere kreative fag i sitt nærområde. Det kan bli ganske gode folk av Firdaelevar. Gje det ein sjanse!