Ein draum som starta på Firda – og som no står i fare for å bli teken frå meg
Som tidlegare elev ved dramalina på Firda vidaregåande skule ønskjer eg å seie nokre ord om den føreslåtte nedlegginga av danse- og dramalinja.
Eg heiter Emma Helen Lunde Maurstad, er 22 år og har ein framtidsdraum om å arbeide som dramalærar ved Firda vidaregåande skule.
Det beste valet eg har teke
Eg hugsar godt valet eg måtte ta på ungdomsskulen. Då alle venene mine valde helse- og oppvekstfag, tenkte eg at eg kanskje burde følgje straumen. Men på sjølve fristdagen endra eg valet mitt og søkte meg inn på dramalina. Heilt ærleg er det det beste valet eg har teke i livet mitt.
Dramalinja lærte meg utruleg mykje, både om meg sjølv og om andre menneske. Åra på Sandane, og erfaringa med å bu på hybel, gav meg livserfaringar eg kjem til å bere med meg resten av livet. Eg fekk utvikle meg, utfordre meg sjølv og utforske sider ved meg sjølv som eg kanskje aldri hadde oppdaga elles.
Etter Firda valde eg å gå eit år på folkehøgskule. Eg ville vere heilt sikker på at draumen min faktisk handla om drama og teater. Difor byrja eg på skateboarding linja ved Jæren folkehøgskule. Og det tok ikkje lang tid før eg skjøna at det var dramafaga eg sakna, og at det var dit eg ville tilbake.
Vil tilbake til Sandane
Dei fantastiske dramalærarane mine ved Firda gav meg ein draum. Eg ønskjer å bli som dei. Eg ønskjer å busetje meg på vakre Sandane, undervise elevar med mange av dei same føresetnadene og moglegheitene som eg sjølv hadde, og få arbeide med det eg brenn for: kunst, teaterhistorie, teaterteknikkar, performance, kostyme, maske, sjangrar, dramaturgi og rørsle. Dei gav meg ikkje berre kunnskap om teater. Dei viste meg kor mykje ein lærar kan bety for eit ungt menneske.
No går eg siste året på bachelorgraden i drama og teaterkommunikasjon ved OsloMet. Eg har sjølv lagt ein utdanningsplan for å kunne vende tilbake til Sandane: fyrst ein mastergrad i anvend teater, deretter ein doktorgrad i estetiske fag og til slutt praktisk-pedagogisk utdanning i dramafaget, med praksis ved Firda vidaregåande skule.
Gjennom denne utdanninga ønskjer eg å gje framtidige elevar den same lærelysta, skapargleda og kunnskapen som eg sjølv fekk gjennom åra på Firda. Eg ønskjer å vere ein slik lærar som mine eigne dramalærarar var for meg.
Trugar framtidsdraumen
Det fell nokre tårer medan eg skriv dette, for nedlegginga av dans- og dramalinja ved Firda vidaregåande skule trugar ikkje berre eit utdanningstilbod. Ho trugar òg framtidsdraumen min. Alt eg arbeider så hardt for, kan vise seg å vere forgjeves. Det er på Sandane eg ønskjer å busetje meg og skape meg ei framtid. Men utan ein arbeidsplass å vende tilbake til, vert det vanskeleg.
Eg er ikkje åleine om å meine at desse linene er viktige. Saman med over 1500+ andre har eg skrive under på underskriftskampanjen for å bevare tilbodet. Vi veit at danse- og dramalina er ein viktig del av kulturbygginga i fylket vårt.
I små bygder og lokalsamfunn, der arbeidsmarknaden ofte er avgrensa og mykje av næringslivet er knytt til fiskeri, helse og industri, er det lett å gløyme kor viktig kultur er. Men kultur er ikkje noko vi kan prioritere berre når vi har råd til det. Kultur skaper fellesskap, identitet, tilhøyrsle og rom for å vere annleis. Han gjev ungdom høve til å uttrykkje seg, utforske kven dei er og finne sin plass i samfunnet.
Skaper møteplassar
I bacheloroppgåva mi skriv eg om korleis dramapedagogiske metodar, mellom anna improvisasjonskurs, kan bidra til å motverke marginalisering i små bygder. Eg er oppteken av korleis kunst og drama kan skape møteplassar, byggje sjølvtillit og styrkje fellesskap. Det er ikkje berre teori for meg. Eg har sjølv fått oppleve kva eit slikt tilbod kan bety.
Difor meiner eg at vi må stille oss eit viktig spørsmål: Kva slags framtid ønskjer vi for ungdommen i fylket vårt?
Skal ungdom få høve til å velje ei framtid innan kunst og kultur, eller skal slike draumar berre vere moglege for dei som har høve til å flytte betydeleg langt heimanfrå? Skal vi byggje levande bygder med rom for mangfald, kreativitet og nye idear, må vi òg ta vare på utdanningstilboda som gjer dette mogleg.
Eg ønskjer ikkje berre å kome tilbake til Sandane for å arbeide. Eg ønskjer å vere med på å skape noko. Eg ønskjer å gje nye elevar dei same moglegheitene som eg fekk. Kanskje sit det ein 15-åring ein stad i fylket vårt akkurat no og vurderer å søkje seg inn på dramalina. Kanskje kjem det valet til å endre livet deira, slik det endra mitt.
Vi må ikkje ta frå dei den moglegheita.
La oss bevare danse-, drama- og musikklinjene ved Firda. For elevane, for kulturen, for bygdene våre – og for framtida.
Emma Helen Lunde Maurstad,
tidlegare elev ved dramalinja