Olivia Hellevang går 2. klasse dans og kjem frå Naustdal.

Når scena blir mørklagt mister vi meir enn to linjer

Fylkeskommunen har igjen foreslått å legge ned dei einaste dans- og dramalinjene i Vestland som ikkje ligg i Bergen. Noko som vil bety at alle framtidige elevar som vil søke dans/drama må begynne på ein ukjent skule, truleg langt vekke frå heimen sin. Som danseelev på Firda vgs synest eg dette er absurd.

Publisert Sist oppdatert

Det er utenkeleg at ein på 15-16 år, nettopp komen ut av ungdomskulen, skal flytte fleire timar frå sin trygge heim og familie, og lære å navigere i ein by på 400 kvadratkilometer. Ikkje fordi dei vil det, men fordi fylket ikkje lenger tilbyr utdanninga dei vil ta i nærområdet.

Er det verkeleg slik vi ønsker at framtida for ungdom i distrikta skal vere?

Mykje meir enn ein skule

Firda vgs er verkeleg  MYKJE meir enn berre ein skule. Det er ein plass der ungdom får blomstre og utvikle seg både kreativt og fagleg. På dans/drama-linja får vi utforske, bygge sjølvtillit, oppleve meistring og bli en del av eit heilt spesielt fellesskap; betre sagt, ein stor familie.

Dans og drama handlar ikkje berre om å stå på ei scene. Det handlar om å lære å samarbeide, være kreative, disiplinerte, formidle og å ikkje gi opp eller tvile på oss sjølve. Dette er eigenskapar som vi tar med oss vidare i livet, uansett kva ein vel å jobbe med seinare.

Vi må heller ikkje gløyme kor viktig slike utdanningstilbod er for kulturlivet i regionen. Skulen er ikkje berre elevar, det er gnisten som held kreative fagmiljø levande i distrikta. Når dette tilbodet forsvinn, mistar vi ein viktig del av mangfaldet i utdanninga, samt at Gloppen mistar ein talentfull underhaldingsressurs.

Spesielt trist

Eg syntest at det er spesielt trist at det stadig blir færre moglegheiter for ungdom som ønsker å ta ei utdanning utanfor dei store byane. Skal ein verkeleg måtte bu sentralt for å kunne satse på interessene sine? Skal økonomien til familien avgjere om ein ungdom får moglegheita til å følge draumen sin? Ikkje alle har økonomi, mot eller moglegheit til å flytte til Bergen for å gå på vidaregåande.

På ungdomskulen er det mykje snakk om at ungdom skal få velje si eiga framtid, at vi skal satse på distrikta, og at det skal vere fordelsrikt å bu og arbeide utanfor dei store byane. Men korleis skal vi klare å oppretthalde mangfald i bygdene dersom vi stadig fjernar tilboda som gjer det mogleg?

Det er lett å sjå på detta som berre endå ei sak på facebook-feeden din, eller tal, statistikk og politikk som ikkje dreier seg om deg. Men bak dessa tala står det ungdommar med draumar, lærarar med eit stort engasjement for å lære vekk sine talent til elevar. Kanskje er det ditt barn, eller din kollega, som ikkje lenger får drive med det som gjer dei glad.

For godt til å vere sant

Før eg for to år sidan fann ut at det er ein skule berre 1,5 time vekke som tilbydde musikk, dans og drama, så såg eg på det som eit heilt urealistisk val. Det var rett og slett for godt til å vere sant. Få studie kompetanse, samtidig som du får danse, møte nye folk, få stipend og oppleve å bu for deg sjølv!

Å søke danselinja i 10. klasse var ei enormt spontan avgjerd, men eg har aldri vore meir nøgd med eit val eg har tatt.

Fortener same moglegheit

Eg meiner at framtidige elevar fortener dei same mogelegheitene som eg hadde. Dei fortener å kunne velje dans og drama, utan at det automatisk betyr at du må flytte til Bergen som 15-åring.

Det handlar ikkje berre om oss som går på skulen no. Det handlar om alle dei som kjem etter oss, og om kva slags moglegheiter vi ønsker å gi framtidas ungdom.

Eg vil oppfordre alle som kan til å signere underskrifts kampanjen om å ivareta dans og drama på Firda VGS - meir enn ein skule❤️

Link til underskriftskampanjen: https://www.underskrift.no/vis/14524

Powered by Labrador CMS