– Høgre vil lyse ut tilboda på Firda
– I ei sak som gjeld utlysing av tilbod er det heilt uaktuelt for Høgre å leggje ned linjer. Det er ikkje måten å gjere det på, seier Elias Eide, som både sit i yrkesopplæringsnemnda og Hovudutval for opplæring i Vestland fylkeskommune.
Saka om utlysing av opplæringstilbodet i dei vidaregåande skulane i Vestland fylke for 2027/28 står på sakslista til yrkesopplæringsnemnda 10. november og Hovudutvalet for opplæring 17. november.
– Det går ikkje lenger
– Vi kjem til å gå for at tilboda dans og drama skal lysast ut, og som alltid er det søkjartala som avgjer lagnaden til desse linjene. Er det nok søkjarar, må linjene bestå. Det må vere klart og tydeleg. Blir det for få søkjarar, får vi heller kome tilbake til det, seier Elias Eide.
Han er kritisk til at fylkesdirektøren er med på å skape uvisse om utdanningstilboda ved stadig å føreslå at dei ikkje skal lysast ut.
– Det går ikkje an å halde på på denne måten. Vi hadde nettopp oppe det som skulle vere ein plan for tilbodsstrukturen. Då var vi tydelege på at ein ikkje gjorde nok grep knytt til finansieringsmodellen. Ein ser heller ikkje bygg og skuleklasser i samanheng, seier han, og viser til det absurde dømet på Firda vgs der Aulaen no blir oppgradert med ny dramasal samtidig som fylkesdirektøren føreslår å legge ned dramalinja.
Forstår lærarane
– Eit fleirtal på fylkestinget meinte at tilbodet var trygt og godt og kom til å stå seg dei neste ti åra. Det har det ikkje gjort, slår Eide fast.
No meiner han at dei ansvarlege partia på fylkestinget må setje seg ned og finne ei løysing som gjer at ein kan få eit mest mogleg stabilt tilbod dei neste åra – så ein slepp éin eller fleire rundar kvart einaste år.
– I respekt for elevar, foreldre og tilsette må dette gjerast, men til no har vi ikkje fått gjennomslag for dette, seier han.
– Enkelte lærarar lurer på om forslaget om å kutte dans og drama er eit forsøk på å svekke Firda som skule?
– Eg forstår lærarane godt. Det var nettopp difor vi sa for to år sidan at vi må gjere noko slik at vi slepp slike rundar fleire gonger per år. Det er slitsamt å stå på barrikadane heile tida. Det underliggjande problemet er demografien og økonomien. Fylkeskommunen brukar for mykje pengar på dette området, og elevtalet går kraftig ned dei komande åra, seier han.
– Svært uheldig
Forslaget om å kutte dans og drama kjem på same tid som fylkeskommunen føreslår å opprette eit regionssenter i Nordfjord.
– Nordfjordeid ønskjer ein slik status, medan alle andre er redde for at det kan føre til skulenedlegging. Det er mange ting som skjer samtidig, og det er svært uheldig. Ansvarlege politikarar burde setje seg ned og finne ei løysing som står seg dei neste fem-ti åra, meiner han.
– Lærarar undrar seg på kuttforslaget, sett i lys av at det snart kjem ei reform som byggjer på strukturen til musikk, dans og drama. Din kommentar til det?
– Så lenge det er søkjarar til musikk, dans og drama, må ein klare å halde liv i desse linjene. Det er eit svært spesielt tilbod, og vi treng det. Eg er optimistisk på Firda sine vegner, men er samtidig litt uroa for at vi må halde på slik som vi gjer no kvart einaste år framover, seier Eide.