SANDANEDAGANE 14.-16. AUGUST 2026

- Eg gler meg veldig til å halde konsert under Sandanedagane, seier Håvard Husevåg, som her helsar på ein annan kjend gloppar på tusenårsplassen.

Sist sett i «The Voice» - no kjem Håvard heim til Sandane

Du såg han kanskje sist i The Voice. No gler Håvard Husevåg (28) seg stort til å kome heim til Sandane og halde konsert på Heradsplassen laurdag under Sandanedagane.

Publisert Sist oppdatert

I «The Voice» kårar TV 2 «Noregs beste stemme». Dei har prøvt fleire gongar før, men sist sesong fekk dei med Håvard Husevåg frå Sandane.

Han fekk tre rundar i selskapet med mange dyktige artistar og fire entusiastiske domarar i form av Marion Ravn, Espen Lind, Jarle Bernhoft og Ingebjørg Bratland. Og sjølv om fleire trudde det kunne gå heilt til finalen, var han slett ikkje skuffa då han rauk ut litt før siste runde.

Her er Håvard og Selma Poole i ein minneverdig duett og duell i The Voice. Seinare i år skal dei halde konsert i lag på Hønefoss.

- Stort å få vere med

- Nei, ikkje i det heile. Det var veldig kjekt å bli spurt, og stort å få vere med og oppleve korleis slik TV vert laga. Eg visste kva eg gjekk til, og at først og fremst dette handlar om å lage god TV. For meg var det viktige å vise kva eg kan og fortelje mi historie. Den er ganske enkelt at eg har vakse opp med musikk på Sandane, og at det er det eg har drive med. Så nytta eg også høve til å skryte av Jarle Bernhoft som eit førebilete for meg. Han var jo ein av domarane, så det var kanskje ikkje så dumt, smiler Håvard, som konkluderer med at han fekk gjort det han ville og var godt nøgd med utfallet.

Opptaka vart gjort eit par månader før det kom på TV, så det vart ei litt anna setting enn på direkte-TV. Ein var liksom litt ferdig med det, når det kom ut i stovene til folk.

Å følgje magekjensla

Så er det sjølvsagt ikkje noko minus å ha tre rundar i The Voice på CV-en for ein kar som satsar på å kunne drive si musikalske karriere på heiltid. Håvard driv rett nok alt med musikk på full tid, fire dagar i veka er han musikklærar på barneskulen i Oslo, der han er busett. Men målet er å kunne leve av å skrive og framføre musikk. Då handlar det om å følgje magekjensla som han seier det, men sjølvsagt har også deltaking i The Voice vore ein positiv faktor.

- Det er klart at det er ei pluss å få vist seg fram på ei så stor scene. Det har i alle fall auka på med oppdrag, men det skal og seiast at eg var godt i gang med å jobbe meg inn i marknaden før The Voice, seier Håvard. Han fortel om ei veksande mengd oppdrag for organisasjonar, bedrifter og privatpersonar, når august kjem vil han for første gong ha større inntekter frå slike oppdrag enn jobben som musikklærar. Det går rette vegen, med andre ord. Han vil heller ikkje la seg skremme av at mange artistar peikar på at det har vorte ein tøffare kvardag med strøyming og KI-laga musikk.

- Kjem tilbake til det ekte

Håvard Husevåg satsar på å bli heiltids musikar, då er deltaking i The Voice eit pluss å ha på CV-en. – Eg er jo veldig spent på mottakinga her på Sandane.

- Eg vel å tru at over litt tid vil stadig fleire kome tilbake til det ekte. Live-opptredenar kan ikkje erstattast, vi ser t.d. at vinylplata er på veg inn igjen. Ingen ting kan erstatte ein ekte Jan Eggum eller Oddny for den saks skuld, smiler songaren frå Sandane, som fortel at på konserten laurdagen vert det solo-opptreden, eigne songar med gitar og piano.

I tillegg får vi også høyre to songar han framførte i The Voice. Han syng på engelsk, men utelukkar ikkje at det kan kome noko på norsk framover.

- Eg er jo veldig spent på korleis eg vert motteken på heimebane og kva folk tykkjer. Eg har i alle fall fått mange positive kommentarar her etter The Voice, og det gler meg sjølvsagt at folk har fylgt med og fått det med seg, smiler Håvard Husevåg.

Julekonsert i Trivselshagen

Og for dei som vil ha meir, kan dei notere seg 5. desember i Trivselshagen. Då kjem han tilbake med band og julekonsert på menyen.

- Det blir litt av kvart, men ganske mykje julestemning lovar han. Og så blir det ekstra stas å kome i Kultursalen igjen:

- Eg var elleve år første gong eg framførte noko her, då var det med Putti Plutti Pott. Å kome tilbake så mange år etterpå blir kjekt.


Powered by Labrador CMS