Dronning Sonja veit å kle seg etter forholda. I Nord-Noreg er sydvesten gull verdt når haustvêret set inn for fullt.

Klart haustvêr i sør – full storm og sidelengs regn i nord

(NPK-NTB): Nattefrosten har bite seg fast på Austlandet, men vêret framover byr på ein knallhard geografisk kontrast. Medan sørlendingar kan lufte tørre sko, må nordlendingane stålsetje seg mot «haustskitvêr».

Publisert

– Vi nærmar oss sakte, men sikkert vinteren, så i snitt vil det bli kaldare og kaldare. Temperaturane vil likevel gå både opp og ned dei neste dagane, seier meteorolog Sigrid Marie Vildskog Auganæs ved Meteorologisk institutt.

Sør for Trøndelag held det klare, fine haustvêret fram inn i helga, med lite vind og berre enkelte lokale tåkebankar. Like heldige er ikkje folk lenger nord.

Dropp paraplyen – finn fram sydvesten

Eit høgtrykk i sør tvingar nemleg lågtrykka strake vegen nordover. Det er godt merkbart i Trøndelag og Nord-Noreg, der det allereie er observert både liten, full og sterk storm langs kysten.

– Nord-Noreg får jo det meste av haustskitvêret. Sidelengs regn, medan vi i sør får klare, fine dagar. Det er jo to sider av same sak som haustvêr, seier Auganæs.

Vinden er venta å roe seg noko innover i landet, men kysten må belage seg på nye vindkuler gjennom helga. Samtidig pøser det ned: I Troms er det venta rundt 30 millimeter nedbør i døgnet, og søndag peikar seg ut som den våtaste dagen. Her vil paraply ikkje vere godt nok.

– Skikkeleg regnjakke, støvlar og kanskje sørvest er ikkje så dumt der, medan ein i sør heller kan finne fram boblejakka og Uggs, seier Auganæs.

«Jojo-temperaturar»

Dei stadige lågtrykka sørgjer også for «jojo-temperaturar» i nord, der mild luft og kaldluft avløyser kvarandre.

Snøgrensa har krope nedover i fjellet, og det er moglegheit for at det kan snø på laurdag i Finnmark.

– Snøen blir nok ikkje liggjande veldig lenge om det faktisk snør og ikkje sluddar eller regnar, seier Auganæs. (©NPK)

Powered by Labrador CMS