SANDANEDAGANE 2026

På loppemarknaden finn du ting både til pynt og bruk. – Vi har mykje fint å by på, seier to av eldsjelene bak Lopperiet, Berit Gloppestad (t.v.) og Margit Nyhammer.

Mykje spennande å finne på Lopperiet

Loppemarknaden har gjennom alle år vore ein berebjelke mellom alle tilboda på Sandanedagane. Også i år vert det «lopperier» i Firdavegen tre dagar til endes, der du kan sikre deg både éin og fleire godbitar til ein billeg penge.

Publisert Sist oppdatert

Loppemarknaden vart starta for å skaffe inntekter til bygging av Arbeidskyrkja på Sandane, i dag går overskotet til gode tiltak i Gloppen sokn.

Det at folk kan ha glede og nytte av ting andre ikkje har brukt for lenger, kan ein også trygt kalle berekraft i praksis.

Mange fine lopper

Litt av kvart å finne for ein kvar smak på Lopperiet. Her frå standen i Firdavegen under fjorårets loppis.

Også i år melder arrangørane om rikeleg med lopper, som berre ligg og ventar på å få nye eigarar. Ein held som før til i lokala i Firdavegen, på vegen opp mot Idrettsplassen og Firda vgs.

Lopperiet har samla inn lopper over heile året, og no er dei endeleg klare til å sleppe dei over Sandanedagane.

- Vi har samla på ting og tang og mangt og mykje gjennom heile året, så no har vi ei flott samling med lopper vi håpar at folk vil finne det spennande å leite gjennom. Som vanleg vil vi i tillegg til butikklokalet, også ha buer med tak over kring huset for å få plass til alt, seier ei av eldsjelene i Lopperiet, Berit Gloppestad.

Her kan ein finne både bruksting og pynteting, som kanskje var akkurat det du mangla, eller ikkje visste du hadde bruk for. Ja, det kan vere akkurat det du lenge har leita etter til heimen eller hytta.

Stor dugnadsinnsats

Lopperiet har også ope ved andre høve gjennom året, men det er naturleg nok avgrensa kva ein har mannskap til å rekke over i dette frivillige arbeidet. Men når det stundar til det årlege høgdepunktet som Sandanedagane er, har det ikkje vore vanskeleg å få folk til å stille på dugnad.

Det er ikkje berre Lopperiet dei driv desse dagane, men også kafeen ved heradshuset som kan skilte med nytrekt kaffi og ferske sveler.

- Folk er veldig positive til å stille på. Den einaste utfordringa på denne tida er at folk er på ferie, elles er det ikkje problem å få tak i dugnadsfolk, fortel Berit.

Ho håpar likevel at fleire vil melde seg på for å hjelpe til.

- Ta med handlepose

- Du veit det er ofte den same gjengen som stiller på år etter år. Vi blir ikkje yngre, vi heller, so det hadde vore veldig kjekt å få inn nye og yngre krefter også. Det er berre å melde seg, smiler Berit, som også i år oppfordrar folk om å ha med eigen handlepose på Lopperiet.

Plastposar har vorte dyrt og varene er billege, så det går litt på overskotet laust å dele ut store mengder posar…


Powered by Labrador CMS