Nordic Mining unngår konkurs – førebels
Nordic Mining ASA seier i ei børsmelding at støtta til selskapet er sikra for å unngå konkurs på noverande tidspunkt, etter at obligasjonseigarar stilte seg bak eit forslag om nødfinansiering.
Selskapet og dotterselskapet Engebø Rutile and Garnet AS (ERG) har slite med ein kritisk likviditetssituasjon, men melder no at over to tredelar av obligasjonseigarane støttar eit redningsopplegg som skal gi selskapet nokre vekers pusterom.
Det skriv Nordic Mining i ei børsmelding.
Redningspakken inneber ny finansiering på inntil rundt 130 millionar kroner, og dessutan lettar i royalty-forpliktingane overfor Orion, rettshavaren til selskapet.
– Dei foreslåtte ordningane utgjer ei nødbrufinansiering og representerer ikkje ei heilskapleg eller endeleg løysing på den finansielle situasjonen i selskapet, heiter det i pressemeldinga.
Selskapet åtvarar om at dersom finansieringa ikkje går i orden, kan både Nordic Mining og ERG bli tvinga til å krevje seg konkurs. Eksisterande aksjonærar kan i så fall tape heile investeringa si. (©NPK)